SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Luster og Sogndal:

N. H. Lerums Saftfabrikk A/S

N. H. Lerums Saftfabrikk på Sørheim. (Foto: Bjørn Bergum, NRK)
N. H. Lerums Saftfabrikk på Sørheim. (Foto: Bjørn Bergum, NRK)
Lerum starta verksemda si på Sørheim i Luster, og flytta i 1919 til Sogndal. Frå 1982 til 1991 dreiv også Lerum ein stor produksjon av syltetøy på Hermansverk, der dei tok over det konkursråka Bergens & Drægni Produkter.

Publisert 24.03.2003 12:12. Oppdatert 17.11.2003 09:36.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Det starta i Luster

(Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)
På same vis som med konservespionéren Halvard Drægni, starta også Lerum verksemda si i Luster: I 1906 starta det unge paret Nils Hansson Lerum og Kari Hansdotter Ørbech med landhandel i heimbygda Sørheim på austsida av Lustrafjorden. Her tok dei imot m.a. bringebær som folk fekk byte i kjøpevarer. For å berge desse bæra, starta dei saftproduksjon i mindre målestokk. Dei bygde ein liten fabrikk i 1909. Denne vart restaurert i 1997.
I 1918 var produksjonen i den vesle fabrikken komen opp i 40.000 liter saft og 20.000 kilo syltetøy.

Lerum kjem til Sogndal

I 1919 flytta Lerum produksjonen til Sogndal og skipa A/S N. H. Lerums Saftfabrikk med grunnleggjaren Nils Hansson Lerum som hovudaksjonær. I 1920 tok Lerum i bruk ein ny, stor konservesfabrikk på ei sjøtomt like ved Sogndalsfjøra.

Saftproduksjon ved N. H. Lerums Saftfabrikk A/S. (Foto © Lerum)
(Foto © Lerum)

Dette skjedde på same tid som også Halvard Drægni flytta frå Skjolden til ein ny, stor fabrikk på Hermansverk. Isproblema i Lustrafjorden var avgjerande for at Drægni flytta ut, og det same var truleg i tankane til Lerum også?
Lerum dreiv i mellomkrigstida aktiv marknadsføring av produkta sine, og vann m.a. gullmedaljar for produkta på Landsutstillinga i Bergen i 1928.

Også vinproduksjon

Lerum sin fabrikk i Sogndalsfjøra på 1920-talet. (Foto © Lerum)
I åra 1916-1927 var det forbod mot omsetning av brennevin i Noreg, noko som m.a. førte til mykje smugling. Frå 1917 var det også forbod mot sal av vin. Då forbodet vart oppheva i 1927 var Lerum ein av dei norske saftfabrikkane som starta med produksjon av fruktvin. Denne vart selt under merket "Gilde". Vinen var framstilt av rabarbra. Vinproduksjonen tok slutt kring 1935.

Etter nokre år trekte N. H. Lerum seg tilbake til styreleiarposten og overlet disponentjobben til Kristian Offredal fram til 1950. Men han sjølv sat som styreformann fram til 1961.
Konsernsjef Kåre Lerum. (Foto: T. Sivertstøl, NRK)
I 1950 vart så sonesonen til grunnleggjaren, Karl Lerum disponent, og sidan har sønene Kåre Lerum f. 1939 og Bjarne Lerum f. 1941 vore med i den daglege leiinga av verksemda. Til syskenflokken Lerum høyrer også ei kjend forretnings- og organisasjonskvinne, hotelldirektør Gerd Kjellaug Berge ved Selje Hotell.

Hovudside:
· Lerum-konsernet


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no