Den første kjende omtalen av fruktdyrking i Sogn stammar frå Vik, der det vert skrive at det ligg ein "aldinshage" - dvs. eplehage - ved elva Hopra. Dansken
Apollonius Liljedahl lærte sogningane podingsteknikken på slutten av 1700-talet.
Epledyrkinga var i mange hundre år gjort for eige hushald på garden. Først i siste halvdel av 1700-talet finn ein opplysningar om at frukt frå Sogn i noko omfang vart selt til Bergen.
Kontakt med utlandet
Men det er tydeleg at sogningar med spesiell interesse for fruktavl hadde kontakt med utlandet lenge før den tid for å skaffe seg nye sortar til hagane sine. Mange dyrka så mykje at dei kunne betale dei årlege skattane sine i form av eple og kirsebær. Slik skriv biskop Erik Pontoppidan midt på 1700-talet.
Fuhr-eplet
Bonde
Ola Sjurson Fuhr tok litt før 1780 til å plante frukttre på garden sin i Luster, og dyrka også mykje frukt for sal. Det er derifrå det kjende Fuhr-eplet stammar.
Den første som planta ein større frukthage i Leikanger var prost
Niels Normann som var prest der frå 1816 til 1822. Frå byrjinga av 1800-talet er det tydleg at fruktdyrkinga i Leikanger og Luster tok seg sterkt opp.
Frå 1870-talet vart fruktdyrking hovudinntekta på mange gardsbruk i midtre og indre Sogn.
Stort fruktlager bygt i 1960.
I 1919 løyvde Staten midlar til innkjøp av ein høveleg Vestlands-gard der ein kunne drive forsking og utvikling av fruktsortar. Forsøksgarden driv forsking og utvikling av nye frukt og bærsortar, og har gjort viktige framsteg i utvikling av meir intensive dyrkingsmetodar og lagringsmetodar for frukt.
|
Eplehage på forskingsstasjonen. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK) |
Misjonstre
I fleire hagar kringom i Sogn planta kristenfolket såkalla "misjonstre". Dette var frukttre der inntekta frå avlinga skulle gå til misjonsarbeidet. Ein av dei som hadde planta eit slikt tre, var den ihuga misjonsmannen John Olsson Husabø (1843-1922). Frå dette misjonstreet på Krokagarden vart det i 1887 hausta tre skjepper eple som vart selde for kr. 1,95.
Dei fleste større fruktbygdene i Sogn har sine lokale eple med eigne namn. På Leikanger er det fleire sortar.
Norsk fruktmuseum
I lengre tid har det vorte arbeidd for å byggje opp eit "Norsk Fruktmuseum" i fruktkommunen Leikanger - utan at det hittil (år 2003) har gjeve konkrete resultat.