Frå 1870-talet vart fruktdyrking hovudinntekta på mange gardsbruk i midtre og indre Sogn. Mest kjend er frukthagen på storgarden Stedje i Sogndal, der godseigar Formann planta største frukthagen i Skandinavia med 6.666 frukttre.
I 1900 var dåverande Leikanger kommune (inkludert Fresvik og Feios) den største fruktkommunen i Sogn med 11.508 frukttre. I 1939 var dette talet auka til 36.000. Leikanger hadde samstundes det klårt største talet på fruktsortar i heile Sogn.
Halvard Drægni starta saftproduksjon i heimbygda Skjolden i 1900. Då han i 1920 flytta til Hermansverk og bygde stor konservesfabrikk der, gav fabrikken ein mektig stimulans til auka bær- og fruktdyrking i Sogn.
Fruktkøyringa vert organisert
I 1932 organiserte styraren for forsøkgarden på Njøs, Erling Kvåle, den første frukttransporten med lastebil frå Sogn til Oslo.
Men lastebilane før krigen var små og vegane skrøpelege, og det var berre med naud og neppe at Kvåle kom seg opp dei bratte bakkane i Lærdalsdalen med fruktlasta.
Det var først då Sognefjellsvegen opna i 1938 at det vart meir fart på fruktkøyringa. Nokre av pionérane i denne trafikken, som mest gjekk til Trondheim og Møre, var lastebilsjåførane Jens Liljedahl og Odd Eggum frå Leikanger.