I 1911 fann personalet på Olsens hotell ein mann og ei kvinne og ein 12 år gamal gut liggjande på golvet. Alle var skotne gjennom tinningen. Teorien er at mannen og kvinna var spionar eller terroristar frå Romania.
2. VERDSKRIG:
I alt 79 menn frå Leikanger vart mobiliserte ved krigsutbrotet den 9. april og sende til samleleiren på Voss, og det var innreia sjukestove i bedehuset.
Tysk stab på Leikanger
Etter at kampane i Noreg var slutt 10. juni 1940, organiserte tyskarane landet i sju forsvarsdistrikt. Sogn vart det første krigsåret tyngdepunkt i Sogn og Fjordane og lagt under kommandoen i Bergen. Staben for Sogn vart plassert på Leikanger med eit stabskompani på 214 mann som budde i brakker på Hamre. Men flest soldatar vart likevel plasserte i Lærdal og Sogndal. Sjefen, oberst Adlhoch, budde i sorenskrivargarden på Systrond fram til kommandoen vart avvikla i mars 1942.
Den 25. april vart Fylkesbaatane sin rutebåt "Gudvangen" bomba. Seinare same dag kom Fylkesbaaten "Kommandøren" til Leikanger, og dei tyske flya kom tilbake og gjekk til åtak.
Nazistane skifta etter kvart ut både folkevalde og tenestemenn i den norske forvaltninga med sine eigne folk.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".
Frå 1934 og under 2. verdskrig dreiv dei norske nazistane, Nasjonal Samling, såkalla Arbeidsteneste (AT) for ungdom.
Marin forskingsstasjon vart krigsflytta
Bergen Museum hadde eigen Marin forskingsstasjon på Herdla vest for Bergen frå 1922. I 1940 rekvirerte tyske tropper bygningane til forlegning, og i 1941 vart forskingstasjonen flytta til Leikanger. Her heldt 2-3 vitskapsmenn til i eit tidlegare kontorbygg på fylkesmannsgarden til 1946.
På førjulsvinteren 1944 kom Linge-mannen Ragnar Ulstein til Sogn og Fjordane for å byggje opp Milorg-grupper i fylket. I februar 1945 vart organisasjonen rulla opp, og fleire vart arresterte og torturerte til døde.
Ein haustdag i 1972 strøymde verdspressa til Sogn. Grunnen var at det skulle vere observert ein framand ubåt i Sognefjorden.