SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Leikanger


Publisert 20.11.2002 10:38. Oppdatert 14.02.2003 11:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Jektebygging og industri på Hermansverk [WM]  - Sverre Aas og Svein Henjesand fortel til Ottar Starheim om jektebygging og gamal industri på Hermansverk - og om korleis bygda fekk namn etter ein kjøpmann.

Fabrikkar og verkstader i Leikanger

· Hellebrotet på prestegarden
· Meieri og smørlag i Leikanger
· Verft, fabrikkar, bakeri, trykkeri, oppdrett og gartneri.

Handels- og gjestgjevarstader i Leikanger

· Hanehaug, Henjasanden og Njøsasanden.

· Hotell og gjestgjevarar i Leikanger
· Landhandlar i Leikanger



Omtalar ordna etter oppstartsår:

Leikanger Sparebank

vart skipa i 1864.

Henjum med slakteri

Jens N. Henjum starta i 1900 slakteri og kjøtforretning på Hermansverk. I 1943 overtok sonen Sigurd J. Henjum. Han bygde ny forretning i slakteriet i 1952, og hadde fire personar i arbeid. Verksemda vart lagt ned på 1960-talet.

Fruktgrossist Grinde

Olav H. Grinde frå Grinde starta i 1920 som fruktgrossist i Bergen og Oslo, der han hadde lager.

Kaféen til Kikka

Kristi Lundegaard - på folkemunne berre kalla "Kikka" - starta kafé på Hermansverk i 1939. Ho dreiv kaféen i 60 år. Fram til 1949 heldt ho til i Endregården, og deretter på "Strandbu" og "Elvegard". Den siste bygde ho og ektemannen sjølve midt på 1960-talet. Kikka var ei særs avhalden kafévertinne som vart heidra med Kongens fortenestemedalje for god omsorg kring gjestane.

Papirhandel og sportsutstyr

Jon Svedal starta i 1941 papirhandel på Leikanger. I 1945 starta han eiga avdeling for sportsutstyr. Butikken var i drift til kring 1970.

Leikanger Bokhandel

vart starta i 1946 av Olav Hunshammer. Butikken dreiv han i eit lokale på toppen av Tinghus I, og var i tillegg tilsett i administrasjonen ved Sognekraft.

Syrstrand Gartneri AS

vart starta på Leikanger i 1946.

Erling Røysum

starta i 1951 radio-, elektrisk- og sportsforretning på Hermansverk. Firmaet hadde eigen reparasjonsavdeling, og er seinare overteke av sonen Lars Jonny Røysum.

Leikanger Fruktlager

oppretta i 1960.

Gunnar Olsmo AS rekneskapskontor

vart starta i 1972 på Hermansverk.

Bokføringssentralen for Sogn

- sjå: Gunnar Olsmo AS.

Fjordkroa AS

på Hermansverk frå 1979 - sjå: Kjøpmanns-greina i familien Knutsen.

Sygna Aquakultur AS

Setjefiskanlegg skipa ved Hermansverk i 1984 med lokale aksjonærar. Konkurs i 1990. Nytt selskap vart Edelsmolt AS.

Edelsmolt AS

- sjå: Sygna Aquakultur AS.

Sparebanken Sogn og Fjordane

frå 1988 - sjå Leikanger Sparebank.

Økonomipartner Sogn AS

- sjå Gunnar Olsmo AS.

Skald Forlag

på Hermansverk, skipa i 1991.

Skald Eigedom

- sjå Skald Forlag.

Henjatunet Eggjagarden AS

- restaurant og selskapslokale, vart skipa i 1996 av Marit Henjum Halsnes og Ingvar Halsnes. Verksemda nyttar ei sperrestove frå 1765 og eit eldhus i Henjatunet, og menyen baserer seg på tradisjonsmat og lokale råstoff. Lokala har plass til 48 gjestar.

Henjatunet Gardskjøken

vart starta i 1996 av Åse Kongsvik.

Leikanger Næringshage

vart opna i juni 2002 på Hermansverk.

MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no