|
Symbolet til Nasjonal Samling. |
Frå 1934 og under 2. verdskrig dreiv dei norske nazistane, Nasjonal Samling, såkalla Arbeidsteneste (AT) for ungdom.
Under krigen vart ungdomen tvangsinnkalla til å utføre ulikt "pioner-arbeid" - m.a. vegbygging, skogplanting og nydyrking. Dei som var innom, minnest framleis den militære linjeeksersisen med ein blankpussa spade i staden for gevær.
Forpost til Austfronten
Det spreidde seg rykte om at AT-leiarane skulle vere ein forpost før norske ungdomar vart sende til Austfronten som soldatar. Difor var det svært mange som rømde landet til Shetland og Sverige for å sleppe unna den forhatte arbeidstenesta.
I Sogn Fjordane var det fem AT-leiarar: På Hermansverk, Vik (sjå:
Vik og 2. verdskrig), Aurland, Eid og Bremanger. Leirane på Hermansverk var dei største.
Honnør med spade
AT skipa til arbeidsleirar på Hermansverk både i 1943 og 1944, begge gonger med kring 90 tvangsutskrivne unge menn frå heile fylket. Styrken vart innkvartert i ungdomshuset "Leikvang" på Hermansverk og i private hus i bygda. Ved "Leikvang" stod det vakt ved inngangen heile døgnet. I staden for gevær, gjorde vakta honnør med den blankpussa spaden!
Mannskapa i dei to AT-leirane bygde veg i Henjadalen frå Røysum til Flyastølen. Dei planta også gran i Grindsdalen og rydda etter eit snøskred ved Bakka i Nærøyfjorden. I 1944 reiste AT-gutane ein minnestein over seg sjølve og innsatsen sin i Henjadalen.