|
Anfin A. Øen |
Anfin Anfinson Øen (1868-1928) frå Hyllestad, busett i Vik. Lensmann, bankdirektør 1899-1928 og Venstre/Bondeparti-politikar.
Gjekk jordbruksskule, og var tilsett ved fylkeslandbrukskontoret 1889 - 1897. Lensmann i Vik frå 1897 til 1928, og bankdirektør i Vik Sparebank 1899 - 1928. I Vik kjøpte Øen den vakre villaen i sveitserstil som ligg like ved riksveg 13, og som sidan har vorte kalla "Øen-huset". Han leia elles bygginga av Vikjahalli i 1911.
Medlem av Vik kommunestyre 1900-1925, styremedlem i
Gaulasamskipnaden, formann i kommunikasjonsnemnda i fylket og formann i Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Representant i Selskapet for Norges Vel frå 1909.
Omstridd hesteeksport
Under første verdskrig ivra Anfin Øen for norsk hesteeksport til Danmark. Denne eksporten vekte strid i det nøytrale Noreg, fordi ein rekna at hestane vart sende vidare til Tyskland for bruk i krigføringa (sjå
Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane).
Øen var stortingsrepresentant frå 1922 til han døydde i 1928. Han var den første representanten for Bondepartiet frå Sogn og Fjordane etter at det var skipa i 1921. Øen var før det vararepresentant til Stortinget for Venstre 1906-1909, 1913-1915 og 1919-1921.
Sentral i landbrukspolitikken
Anfin Øen var mellom dei fremste landbrukspolitikarane i Noreg i dei første tiåra av 1900-talet. Han var styreformann då Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselkap (sjå
Dei første landbruksorganisasjonane) i 1908 gjorde framlegg om at Staten skulle gje årlege løyvingar til nydyrking over statsbudsjettet. Trass motstand og skepsis frå Landbruksdepartementet, fekk han eit samrøystes Storting til å vedta ordninga. Denne ordninga vart avgjerande for den sterke auken i nydyrkinga som fylgde i tiåra etter. Anfin Øen var elles formann i Vestlandske Kjøpelag (sjå artikkel om
Innkjøpssamyrket for jordbruket) frå laget vart skipa i 1901 og dei første 11 åra, og var medskipar av
Vestlandske Salslag i 1920. I 1919 vart han formann i den nasjonale jordkommisjonen.
Far til Anna Øen og Finn A. Øen (sjå
Vik kommune).