|
Bernt Balchen (ståande) leia redningsarbeidet. (Foto © Fylkesarkivet) |
Tidleg om morgonen den 16. juni 1936 høyrde bygdefolk flydur over Sognesjøen. Det var det 3-motors sjøflyet "Havørn" som var frå veg frå Bergen til Tromsø. Om bord var det fire mannskap og tre passasjerar: Førsteflygar Ditlev Pentz Smith, 27 år, Norderhov, andreflygar Erik Storm, 32 år, Oslo, reserveflygar Peter Ruth Paasche, 21 år, Bergen, radiotelegrafist Per Erling Hegle, 28 år, Horten, sikringsinspektør Sven Svensen Løgit, 36 år, Stavanger, konsul Wilhelm Andreas Mejdell Dall, 51 år, Kristiansund og redaksjonssekretær Harald Wigum, 46 år, Bergen.
Rett i fjellveggen
Klokka 0700 vart den jamne flyduren broten av eit mektig drønn. "Havørn" hadde rent inn i den flogbratte fjellveggen på Risnesnipa i Lifjellet. Det var fint ver, men i eit skoddelag over Sognefjorden kom flyet ut av kurs.
|
Henning Tønsberg (med hatt) kjem til Hyllestad. Magnus Lundeland med taukveilane. Foto: Magnus Kolgrov, utlånt av Norvald Stokkenes |
Sju mista livet
Alle som var vitne til ulukka skjøna at ingen kunne overleve noko slikt. Likevel vart det sett i gang ein stor bergingsaksjon. Først fann bygdefolk to omkomne ved fjellfoten, men forsøk på å kome opp til flyvraket var fåfengt før det kom øvde fjellklatrarar til.
Då kunne ein slå fast at den største flyulukka til då hadde hendt: Alle dei sju ombord hadde mist livet. Dei fire fjellklatrarane som henta ned tre omkomne frå den øvste fjellhylla, vart seinare heidra med Kongens gullmedalje for edel dåd.
|
Det siste biletet som vart teke av "Havørn" - i Bergen. Biletet er utlånt av Siri Paasche Birkeland |
Ulukkesflyet LN-DAE ”Havørn” var ein tyskbygd Junker som var leigd frå Lufthansa av Det Norske Luftfartsselskap. Flyet hadde i 1935 trafikkert på ei kystrute Oslo-Kristiansand-Stavanger- Bergen før det frå 7. juni 1936 vart sett inn i den nye postflyruta mellom Bergen og Tromsø.
Innsamla vrakdeler frå "Havørn" er utstilte på Flyhistorisk Museum på Sola.
|
Risnesnipa, der "Havørn" flaug inn i fjellveggen. Foto: Mechtild Reuber |