Studerte 1850-1855 ingeniørfag og arkitektur i Tyskland. Tilsett i Kanalvesenet (forløparen til NVE) 1855-1863. Tilsett ved byingeniørkontoret i Bergen 1863-1868. Her teikna han m.a. brannstasjonen i Bergen. Dreiv privat arkitektfirma frå 1868 til 1873, då han vart tilsett som arkitekt og ingeniør i NSB fram til 1878. I denne perioden teikna han mange stasjonsbygningar. Han teikna også fleire norske hotell, m.a. Mundal Hotell i Fjærland og Fleischers Hotell på Voss.
I 1871 skipa Blix vestlandsavdelinga av Foreningen for Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. Denne omfatta Sogn og Fjordane fram til 1983, då det vart skipa eiga fylkesavdeling.
Restaurering
|
Hopperstad stavkyrkje. Blix brukte Borgund stavkyrkje som førebilete. (Foto: Asle Veien, NRK) |
I 1879 vart Blix medarbeidar til Eilert Chr. Bordtkorb Christie ved restaureringa av Håkonshallen og Mariakirken i Bergen. For å skaffe høveleg byggjestein til restaureringa, vart det lyst i avisene. Eit av svara kom frå Vik, der restane etter middelalderkyrkja på Hove var til sals. Blix reiste i 1880 til Vik, men i staden for å frakte steinen til Bergen, kjøpte han Hove kyrkje og restaurerte den for eigne midlar. Sidan gjorde han det same med den falleferdige stavkyrkja på Hopperstad.
|
Blix er gravlagd i Hove steinkyrkje. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Eigen stil
Begge restaureringsarbeida er sterkt prega av synet som Blix hadde for korleis slikt arbeid skulle utførast: I Hove-kyrkja er nymåla veggdekorasjonar og takkonstruksjon prega av den rådande "historiestilen" seint på 1800-talet, og Hopperstad-kyrkja er utvendes gjort til ein kopi av Borgund stavkyrkje, med svalgangar, takryttar og drakehovud i møna (sjå:
Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje).
Budde i Vik
Blix budde dei siste åra av livet fast i Vik. Her hadde han i alle år sitt faste "Blix-rom" på
Hopstock Hotell. Han er gravlagd under golvet i Hove-kyrkja.
|
Relieff av Peter Andreas Blix. |
Minnesmerke
I 1981 vart det reist eit minnesmerke over Peter Andreas Blix ved
Hopstock Hotell. Bronserelieffet er laga av Trygve Skilbreid frå Stokke. Idrettshallen i Flatbygdi er også kalla opp etter kyrkjebergaren - "Blixhalli".