SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Vik:

Hopperstad stavkyrkje

(Foto: Arild Nybø, NRK)
(Foto: Arild Nybø, NRK)
Hopperstad stavkyrkje vart bygd kring 1130. Stavkyrkja vart kjøpt av arkitekt Peter Andreas Blix i 1885 og restaurert/ombygd i åra fram til 1891.

Publisert 15.01.2002 14:07. Oppdatert 05.03.2004 14:54.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Restaureringa - frå starten fram til i dag. (Ill.: P. A. Blix, NRK, Riksantikvaren)
Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje var kyrkja Blix nytta som førebilete då han restaurerte Hopperstad-kyrkja. M.a. fekk den takryttar (midttårn), spontak og svalgangar. Den opphavelege stavkyrkja på Hopperstad var eit langt enklare bygg utvendes enn slik som den framstår i dag.

Planar om flytting

Før Blix tok over, fekk Fortidsminneforeininga hand om kyrkja i 1880 og hadde planar om å flytte stavkyrkja til Bergen og setje den opp i Nygårdsparken. (Sjå elles Fortun stavkyrkje til Fantoft, som vart flytta til Fantoft ved Bergen).
Blix gjekk sterkt imot dette, kjøpte kyrkja og kosta det meste av restaureringsarbeidet sjølv, slik han også gjorde med Hove steinkyrkje.

Eineståande interiør

Sjølv om Blix endra mykje på kyrkja utvendes, så er interiøret og mykje av inventaret bevart i sin opphavelege stand. Det mest iaugefallande er den rikt utskorne og måla altarbaldakinen frå 1300-talet - eller Maria-altaret - som står til venstre ved inngangen til koret.

Baldakinen/altaret vert også kalla eit "ciborium", og truleg stod det to slike i den gamle kyrkja. Portalen til ciboriet er rikt utskoren, og himlingen er pryda med måleri-medaljongar med motiv frå Kristi fødsel.

Toppen av altarbaldakinen.

Bumerke

På stavar og veggar i kyrkja har folk gjennom tidene rissa inn runer og bumerke, og oppe på veggen ved koret er det to gluggar som spillsjuke (ureine) etter segna kunne få sjå inn gjennom og fylgje med på gudstenesta.

Inventar frå 1600-talet

Mykje av interiøret er bevart.
Elles er mykje av inventaret frå 1600-talet: Altartavle i rennessansestil frå 1621, lesepult, portrettmåleri og tre minnetavler. Den eine av desse er for den søkkrike presten Iver Erikssøn Leganger.

Gjenstandar på musea

Sjølv om mykje av det opphavelege interiøret står att, så er mykje utstyr flytta til musea i Oslo og Bergen: Ved Oldsaksamlinga i Oslo finst vokstavler frå 1200-talet, pilegrimsmerke frå 1500-talet, mellomaldernøkkel, spelebrikke, nøkkel, klokke og ulike gjenstandar frå mellomalderen funne ved utgraving under kyrkjegolvet.

Glåsmåleri av Jakobsstige frå omlag 1610. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Ved Bergen Museum er det teke vare på ein bronsefot til eit offerkar frå 1400-talet, fragment av to søyler og tre gravsteinar frå mellomalderen og glasmåleri frå 1610. I Kunstindustrimuseet i Oslo finst ein altarduk frå 1686. Ein skriftestol frå 1661 og preikestol frå 1673 er tekne vare på i Vik, og på prestekontoret finst ei preikebok frå 1573.

Hopperstad var hovudkyrkje

Hopperstad stavkyrkje var i mellomalderen såkalla fjordungskyrkje - dvs. hovudkyrkje for ytre Sogn. Elles i Sogn var det fjordungskyrkjer i Rygg i Aurland, Tønjum i Lærdal,
Detalj frå altarbaldakinen.
og Stedje i Sogndal. Den siste vart rekna som hovudkyrkja for Sogn.

Annekskyrkje på Tenold

Ei stavkyrkje på Tenold i Vik var annekskyrkje til Hopperstad. Denne vart øydelagd av ras på 1400-talet.

Syrgjeask

På kyrkjegarden stod "syrgje-aska" som vart planta på grava til prestedotter Inga Houge då ho døydde 17 år gamal i 1855.


(Foto: Stein Magne Os, NRK)


MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no