SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Lærdal:

Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje. (Alle foto: Torje Bjellaas, NRK)
Borgund stavkyrkje. (Alle foto: Torje Bjellaas, NRK)
Borgund stavkyrkje, bygd kring 1180. Er rekna som den best bevarte stavkyrkja i landet, og eit av våre fremste nasjonale klenodiar.

Publisert 15.01.2002 14:19. Oppdatert 26.08.2004 10:43.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Borgund stavkyrkje med sine drakehovud, tårn og svalgangar vart nytta som førebilete då fleire norske stavkyrkjer vart restaurerte på slutten av 1800-talet. Dette gjeld m.a. Hopperstad stavkyrkje i Vik, kjøpt og sett i stand av Peter Andreas Blix.

I kyrkja er 30 ulike runeskrifter rissa inn i i veggane. Stavkyrkja har altertavle frå ca. 1610, altarbord frå mellomalderen med rom for relikviar, preikestol frå 1550, døypefont i kleberstein frå mellomalderen. Klokkestøpulen ved kyrkja er frå 1250.

Frå kyrkja er det teke vare på drakehovud frå taket og utdatert dåpsfat på De Heibergske Samlinger, lysekrone, figurfragment og nøkkel frå mellomalderen på Bergen Museum. I Oldsaksamlinga i Oslo og ved Bergen Museum er det teke vare på tre relikvieskrin frå mellomalderen forma som kyrkjer.

Borgund stavkyrkje er eigd av Fortidsminneforeningen, og vert stort sett berre nytta som museum. Fortidsminneforeningen, Lærdal kommune og biskopen i Bjørgvin samarbeider om å reise eit besøkssenter ved stavkyrkja slik at slitasjen på den gamle bygningen skal verte mindre.

Borgund church 1854 av James Randell. (© Blomqvist Kunsthandel)

Stavkyrkjekopi i USA

I 1969 vart ein nøyaktig kopi av Borgund stavkyrkje reist i Black Hills ved Rapid City i
Sør-Dakota, USA. Kyrkjekopien vart finansiert av Arndt E. Dahl, som ville heidre sine norske foreldre på denne måten.

Nytt stavkyrkjesenter

Stor turisttrafikk har ført til slitasje på den gamle trebygningen, og i lang tid har det vorte arbeidd for å få bygd eit senter som kan dempe trafikken i sjølve kyrkja. Sommaren 2005 vert det opna eit nytt stavkyrkjesenter nokre hundre meter frå Borgund stavkyrkje. Bygget er på 500 kvadratmeter og kostar kring 14 millionar kroner.

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no