SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Vik:

Hove steinkyrkje

(Foto: Arild Nybø, NRK)
(Foto: Arild Nybø, NRK)
Hove steinkyrkje bygd kring 1170, truleg som privat kyrkje (høgendeskyrkje) for ein storbonde på Hove. Denne kyrkja skal vere den eldste steinkyrkja i Sogn og Fjordane. Frå 1877 til 1880 vart kyrkja leigd bort til Sogns Bataljoner.

Publisert 24.07.2002 16:07. Oppdatert 23.08.2002 13:19.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Himlingen er måla etter Blix sin smak.
Kyrkja var mykje til nedfalls då arkitekt Peter Andreas Blix kjøpte kyrkja i 1880, og restaurerte den etter sin eigen smak. M.a. fekk den høgare kyrkjetårn, ny takkonstruksjon og ei svært spesiell dekormåling innvendes. I Hove-kyrkja vart det i 1878 funne restar etter gamal dekormåling. Men Blix tok ikkje omsyn til dette, og måla m.a. korhimlingen som ein sterkt blå himmelkvelving med stjerne, sol og måne. Då han døydde i 1901, vart Blix gravlagt under ei marmorplate i kyrkjeskipet.

Altaret under tårnet er skilt frå kyrkjeskipet med høge jarndører.

Både til Hovekyrkja og seinare Hopperstad stavkyrkje engasjerte Blix byggmeister Jon Ivarson Hove til å leie arbeidet. Hove fekk i åra som fylgde, i oppdrag av Fortidsminneforeningen å restaurere ein mengde middelalderkyrkjer over heile landet.

Mellomalder-altar

Blix utstyrte kyrkja med dette krusifikset.
I klebersteinsaltaret frå mellomalderen er det eit holrom som vart nytta til oppbevaring av relikviar. I kyrkjetårnet heng klokka frå 1694. Elles rydda Blix ut mykje av det gamle inventaret, og utstyrte kyrkja med nytt krusifiks over korbogen og eit biletteppe av Kjerstina Vangsnes. I korveggen pryda Blix vindauga med glasmåleri, og ute på kyrkjeveggen har hestane som vart nytta til å køyre stein til restaureringa, fått si takk for hjelpa med ein liten klebersteinskulptur som er innfelt i veggen.

Hove-madonnaen

(Foto: Arild Nybø, NRK)
Den gullforgylte Madonna med barnet frå Hove-kyrkja er eit av dei vakraste og best bevarte kunststykka frå norsk mellomalder. Den er truleg laga i Bergen kring 1250, og vert rekna som eit hovudverk frå denne tida. Hove-madonnaen er ein av juvelane i kyrkjesamlinga ved Bergen Museum. Der er det også teke vare på eit beslag til eit krusifiks frå 1200-talet, og ein biletvev frå 1888 laga av Kjerstina Vangsnes som Blix kjøpte som dekor til kyrkja.

Ein altarduk frå ca. 1700 er å finne i Kunstindustrimuseet i Oslo. I Vik er ein preikestol frå 1670 teken vare på, og det same er altartavla frå 1686.
Hove kyrkje før Blix fekk bygt høgare tårn av stein. (Teikning © Riksantikvaren)

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no