Hopp til innhold

Den blå stein i Bergen er igjen dekt av blomar

Rundt 500 personar deltok på 22. juli-markeringa ved Den blå stein i Bergen i ettermiddag.

Det var ei fin og verdig markeirng ved Den blå stein i Bergen søndag ettermiddag.

Fleire haldt tale under markeringa og blant dei var Ingrid Netland frå Os. Netland er tanta til Åsta Sofie Helland Dahl, som blei drepen på Utøya for eit år sidan.

– Min familie og eg vil takka dykk for at nettopp de kom i dag, på denne markeringa, der me skal minnast dei som gjekk bort under tragedien på Utøya og i Oslo, sa Ingrid Netland.

Ho sa at me i dag skal minnast dei som mista livet og fortalde om Åsta, som var ei jente full av omsorg for andre. Men me må også feira i dag, sa Netland under sin tale.

22. juli-markering i Bergen i 2012. Bilete frå ved Den blå stein, og frå Bergen domkyrkje.

– Me skal feira bursdagar. I min familie skal me skal feria mi niese som står her i dag, som fyller 14 år. Me skal feira at nokon blir født rundt om kring i landet, og me skal feira sjølve livet. Det er gjennom livet me skal minnast dei som døde, sa Ingrid Netland.

På slutten av markeringa blei songen «Barn av regnbogen» sungen, og det blei delt ut raude roser, som dei frammøtte la på Den blå stein.

LES OGSÅ: Minnes de døde - ett år etter 22. juli

Julie Abrahamsen var ein av dei rundt 500 som var med på markeringa i Bergen sentrum.

– Det er veldig trist sjølvsagt, men det er også omsorg. Det som har skjedd er heilt utruleg, eg trudde aldri noko slikt kunne skje i Noreg. Difor er me her, sa Abrahamsen til NRK etter markeringa.

Den blå steinen

Bergensarane la ned helsingar til minne om ofra etter terroråttaka 22.juli.

Foto: Hanne Marie Molde/NRK