Hopp til innhold

Skadd i klemulykke på plattform

Ein 23 år gamal mann er sendt til Haukeland universitetssjukehus etter ei arbeidsulykke på ein plattform i Nordsjøen i natt.

Songa Trym

ULYKKE: Den 23 år gamle mannen kom i klem på boredekket på Songa Trym i natt.

Foto: Odfjell Drilling

Ulykka skjedde på oljeplattformen Songa Trym (tidlegare Deep Sea Trym) på Trollfeltet i Nordsjøen.

Kom i klem

– Mannen kom i klem på boredekket under ein boreoperasjon. Han er sendt til Haukeland universitetssjukehus, seier informasjonssjef Ola Anders Skauby i Statoil til NRK.no.

Ifylgje sjukehuset er mannen lettare skadd.

Ulykka skjedde i 3-tida i natt. Mannen måtte venta ei stund på å bli frakta til land på grunn av skodde, men han skal ha vore ved godt mot heile tida, ifølgje Statoil.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil gjennomgå hendinga

– Det er alvorleg når folk blir skadde. Vi vil gjennomgå hendinga, slik at vi kan læra av det og unngå at noko liknande skjer igjen, sier Skauby.

Petroleumstilsynet er varsla om ulykka.

Trollfeltet ligg i nordre delen av Nordsjøen, om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Hordaland.

Det er hovudsakleg eit gassfelt, men ulykka skjedde på den delen av feltet der ein hentar opp olje.