Hopp til innhold

– Vil bli noko heilt nytt

Professor Frank Aarebrot meiner valkampen til årets kommuneval vil bli på partia sine premiss.

Frank Aarebrot

Professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen.

Foto: NRK / NRK

Tragedien som ramma Noreg fredag har fått mange nordmenn til å melda seg inn i politiske parti .

Dei grusomme hendingane på Utøya og i Oslo vil også påverka årets valkamp, meiner Frank Aarebrot. Han trur at pressen ikkje vil vera så opptatt av å få fram konfrontasjonar mellom partia.

– Eg trur me på mange måtar vil få ein valkamp på partia sine premiss. Det vil bli ein valkamp der partia nesten utelukkande vil marknadsføra sin eigen politikk, og ikkje snakka om motstandarane sin politikk. Det vil vera noko heilt nytt, seier Aarebrot.

– Ei haldning som passar terroristen bra

Professoren uttalte i dag til Bt.no at dei som lar vera å stemma ved kommunevalet i realiteten støttar terroristen.

– Det er ei brå spissformulering, men den fallande valdeltakinga ved lokalvala vil ofte tilskrivast den berømte politikarforakta. Politikarforakt er nettopp hovudpoenget til denne drapsmannen. Det viser dokumentet hans, seier Aarebrot.

– Haldninga om at demokratiet ikkje er viktig nok til at eg gidd å delta, det er ei haldning som passar terroristen veldig bra, legg han til.

Trur det blir stort engasjement

Kyrre Nakkim

Politisk redaktør Kyrre Nakkim i NRK.

Foto: Halvard Sandberg / NRK

Via facebook har mange tusen sagt at dei vil svara på terroren ved å auka valdeltakinga .

Politisk redaktør i NRK, Kyrre Nakkim, trur også det kan bli eit stort engasjement rundt haustens kommuneval.

– Eg trur det kan komma noko meir interesse rundt politikken denne gangen. Når terroristen så klart sett eit politisk stempel på handlinga si, så trur eg folk vil svara med politikk tilbake, seier Nakkim.

Han trur «dei klassiske temaa» vil stå sentralt under valkampen.

– Det vil gå på privatisering eller ikkje privatisering og korleis ein kan styra bygda si best mogleg. Alt anna vil vera absurd, meiner Nakkim.

LES OGSÅ: Droppar skuledebattane i år

– Lettare å mobiliera usikre veljarar

Frank Aarebrot synest det er vanskeleg å spekulera i korleis fleire veljarar kan slå ut for dei enkelte partia.

– Det vil truleg vera lettare for Arbeidarpartiet å mobilisera sine usikre veljarar, men viss det blir ei generell høg valdeltaking, så vil fleire parti dra nytte av det, seier Aarebrot.

I dag har dei politiske partia sine ungdomsparti meldt om medlemsauke.

– Ei slik mobileringseffekt vil kanskje dempa den sympatifordelen Ap vil ha ut frå situasjonen, seier professoren.