Hopp til innhold

Statnett måtte trekka seg tilbake

Aksjonistar hindrar i dag mastemontering i Hardanger. Men Statnett er ikkje redd for at det skal hindra fullføringa av linja.

Aksjon mot mastearbeidet i Hardanger

Aksjonistar var tidleg måndag morgon på plass for å stansa mastearbeid i Hardanger. Statnett kom seg ikkje inn på anleggsområdet og valde å dra frå staden .

Foto: Audun Gulbrandsen

Arbeidet med den omstridde kraftlinja i Hardanger har fleire gonger møtt motstand. Klokka 06.30 måndag morgon var 11 aksjonistar på plass på anleggsområdet der Statnett hentar mastedelar til monteringa på Kvamskogen.

– Me blokkerte vegen inn til anleggsområdet og ga klar beskjed om at dei ikkje fekk komma inn her, og at dette området er blokkert i dag, seier talsperson for aksjonen, Magne Hagesæter.

Vil ramma arbeidet fleire stadar

I åtte-tida bestemte arbeidarane frå Statnett seg for å dra frå staden.

– Statnett sin leiar som kom litt etter ga uttrykk for at dei vil ta affære på ein eller annan måte. Me fekk inntrykk av at dei kanskje vil tilkalla politiet, seier Hagesæter.

– Kor lenge vil aksjonen vara?

– Me blir her i alle fall ut arbeidsdagen i dag. Framover vil me ramma arbeidet så mykje me kan med aksjonar ulike stadar, seier Hagesæter.

– Får ikkje store konsekvensar

Statnett opplyser at så lenge aksjonar ikkje påverkar tryggleiken til arbeidarane deira, er det ikkje aktuelt å tilkalla politiet.

– Dagens aksjonen får ikkje så store konsekvensar for Statnett. Arbeidet me skulle ha gjort i Furudalen blir hindra, men me har arbeid på linja også andre stadar, seier Marta Hagerup Nilsson, kommunikasjonsrådgjevar i statsnett.

– Fører denne typen aksjonar til økonomiske tap for Statnett?

– Det vil eg ikkje kommentera, seier Hagerup Nilsson.

Skal få fullført linja

– Er det fare for at aksjonane kan hindra fullføringa av linja?

– Me arbeider vidare på dei delane av linjene der aksjonistane ikkje stansar, så me ser ikkje det som særleg problematisk no, opplyser Marta Hagerup Nilsson.