Hopp til innhold

Tre mistenkte for ruskøyring

Politiet stoppa ein bil som hadde kollidert mellom Røldal og Sauda.

Litt over klokka 17 i ettermiddag fekk politiet melding om at to menn og ei kvinne prøvde å få ein bil i gang i Røldal. Meldaren opplyste at alle tre verka rusa.

Då dei fekk bilen til å gå køyrde dei frå staden. Ei stund seinare kom ei ny melding om at den same bilen stod fast på vegen mellom Røldal og Sauda. Bilen hadde vore borti noko, og var ikkje lenger køyrbar.

– Ei politipatrulje pågreip dei tre der og tok dei med til Odda. Det er mistanke om at dei har køyrd i ruspåverka tilstand. Det blei tatt prøve av dei i Odda, og me jobbar med å finna ut av kven det var som køyrde bilen. Dei vil også bli meldte for å ha hatt uriktige kjenneteikn på bilen, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal i Hordaland politidistrikt.

Dei to mennene er 27 og 37 år gamle, og kvinna er 24. Dei kjem frå Sunnhordland- og Haugalandsdistriktet.