Hopp til innhold

Skal spyle rasstaden

Vegen mellom Ulvik og Bruravik opnar ikkje før tidlegast tysdag.

Ras Ulvik
Foto: Arnstein Karlsen

Måndag var geolog på rasstaden på riksveg 572 ved Staursnes i Hardanger. Frå helikopteret kunne geologen sjå lausmassar oppe i fjellsida, og kunne ikkje tilrå opning av vegen, opplyser vegtrafikksentralen til NRKHordaland.no.

- Det heng framleis mykje laust att oppi rasløpet, om lag femti meter over vegen, forklarar byggeleiar Kåre Olav Aldal, til avisa-hordaland.no.

Han var med på synfaringa i helikopter saman med geolog.

Video nsps_upload_2009_1_11_12_51_4_2042.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Han var med på synfaringa i helikopter saman med geolog.

Tysdag morgon startar oppreinskinga i fjellsida. Først skal rasstaden spylast frå helikopter. Deretter skal det gjennomførast såkalla manuell fjellrensking, der arbeidarar må opp i fjellsida og lirka laus steinar.

LES OGSÅ: Kjørte rett inn i raset

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.