Hopp til innhold

Inviterer til pengedugnad

21. april lettar flya frå Sørstokken igjen. Men interimstyret må framleis hosta opp 1,5 millionar kroner for at alt skal vera på plass.

Dornier Turboprop DO 328-110
Foto: British Airways

Det blir fortsatt drift på Stord lufthavn. Det kom fram på en pressekonferanse onsdag ettermiddag.

Frå 21. april blir det flygninger mellom Stord lufthavn og Gardermoen. Då skal den svenske verksemda Golden Air vera flyplassen si mellombelse løysing fram til 4. Juli.

Pengeinnsamling

- Den mellombelse løysinga er på plass, og det er eg veldig glad for, seier ordførar på Stord, Liv Kari Eskeland, til NRKHordaland.no.

Avtalen med danske Sun Air er i boks og gjeld frå 11. August. Til då har flyselskapet krevd ei driftsgaranti på 2,5 millionar kroner.

- Me har enno litt tid fram til 11. August, og no gjenstår det å få på plass rundt 1,5 millioner i garantiselskapet før vi endelig er i mål, forklarar ordføraren.Dermed inviterer ho til dugnad frå næringslivet i kommunen.

- Ja, det ønsker me å invitere til. Og vi er godt i gang. Ei stor bedrift har allereie sagt at dei vil gå inn med ein million, seier Eskeland.

- Alle gode krefter må bidra

- No er det tid for handling dersom me skal lukkast i å få i gang nye ruteflygingar på Sunnhordland Lufthavn, seier Rolf Th. Waage, som er engasjert av kommunen til å jobba med denne saka.

Stord lufthavn
Foto: Arkivfoto / NRK

Saman med Gunvald Ottesen og Lars Åge Myhre utgjer han interimstyret i det nye selskapet Stordfly AS som skal skaffa nødvendige garantiar for at Sun-Air vil starta ruteflygingar Stord-Oslo.

- Alle gode krefter som ynskjer at me igjen skal ha ein operativ flyplass på Stord, må bidra, seier Waage i ei pressemelding.