Hopp til innhold

– Også rådgjevaren må straffast

Aktor vil ha strengare straff mot begge dei tiltalte i Vest Tank-saka. Meiner høgsterettsdom gav tydelege føringar.

Vest Tank

EKSPLOSJONEN: 24. mai 2007 eksploderte to tankar ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen. Ulukka skjedde då verksemda rensa skitten bensin, ein operasjon Vest Tank ikkje hadde løyve til å utføra.

Foto: Kåre Næss

Statsadvokat Tarjei Istad i Økokrim

Statsadvokat Tarjei Istad meiner at skjerpinga av dommen mot dagleg leiar Jostein Berland må føra til strengare straff òg for styreleiar Trond Emblem.

Foto: Roald, Berit / Scanpix
Trond Emblem, tidligere eier i Vest Tank

MØTER I LAGMANNSRETTEN: Tidlegare styreleiar Trond Emblem vart permittert grunna sjukdom då saka var oppe i lagmannsretten sist.

– Me i økokrim meiner dommen i Høgsterett gjev klare føringar for denne saka, seier førstestatsadvokat Tarjei Istad som er aktor i saka.

I innleiingsforedraget sitt i Gulating lagmannsrett i dag la førstestatsadvokaten vekt på at dommen i Høgsterett må få konsekvensar for dei to som no møter til ein ny ankerunde i lagmannsretten.

Den øvste rettsinstansen her i landet skjerpa i fjor straffa mot dagleg leiar i Vest Tank, Jostein Berland, frå eitt og eit halvt til to år. I tillegg vart frikjenninga av Vest Tank- rådgjevaren Karl-Jan Erstad frå lagmannsretten oppheva, slik at Erstad no må stilla i lagmannsretten på nytt.

– Me meiner Høgsterett med dette har tatt stilling til spørsmålet om medverknad, seier Istad om rådgjevaren, som vart frikjend i førre runde i lagmannsretten.

Les og: Nektar straffskuld etter eksplosjon

Strengare straff

Spørsmålet om rådgjevaren kan stillast til ansvar for å ha medverka til eksplosjonen vert sentralt i lagmannsretten.

Istad meiner at skjerpinga av dommen mot dagleg leiar Jostein Berland må føra til strengare straff òg for styreleiar Trond Emblem.

– Det er klart at straffa Jostein Berland fekk må få ein del å seia for kva straff ein landar på her. I tillegg gjev høgsterettsdommen nokre føringar på om rådgjevaren skal straffast for medverknad, seier han.

– Økokrim har misforstått!

Advokat Torbjørn Sognefest Kolås, som forsvarar rådgjevaren, meiner høgsterettsdommen ikkje bør spela inn i særleg grad.

– Då har aktor kort og godt misforstått fullstendig. Me skal ha ei heilt ny prøving av bevisa her. Om me skal legga til grunn det som har vore før hadde me jo ikkje trengt å vera her, seier Sognefest Kolås.

– Me har ikkje vorte dømt ein einaste dag fengsel utan vilkår enno, og skal klara å gå klar igjen, seier forsvararen.

– Har lite å seia for Emblem

Også forsvararen til den andre av dei to hovudtiltalte etter eksplosjonen i 2007, styreleiar Trond Emblem, går for full frifinning i lagmannsretten.

– Det gjer me definitivt. Me meiner økokrim trekkjer styreleiaransvaret alt for langt i denne saka, seier Per Magne Kristiansen.

Han meiner dommen mot dagleg leiar i selskapet Jostein Berland vil ha lite å seia for saka i lagmannsretten.

– Det var Berland som var dagleg leiar, det er det ingen tvil om. Spørsmålet her vert kva som var linken mellom Berland og Emblem.

– Men trur du verkeleg på full frifinning?

– Me har vorte frifunne på fleire punkt tidlegare, så eg utelukkar ikkje at det skjer igjen, seier forsvararen til NRK.no.

Rettssak etter Vest Tank-eksplosjonen

FORSVARAR: Torbjørn Sognefest Kolås (t.v.) representerer rådgjevaren Karl-Jan Erstad, medan Per Magne Kristiansen forsvarar styreleiar Trond Emblem som er ein av dei to hovudtiltalte i Vest tank-saka.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Seks veker i retten ventar

I tingretten fekk Berland og Emblem den same dommen på eitt og eit halvt år fengsel utan vilkår.

I tillegg vart dei frådømt retten til å driva eiga verksemd i fem år og å vera styreleiar eller dagleg leiar i eit selskap som treng løyve frå Klima og forureiningsdirektoratet eller Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap.

Det er sett av seks veker til rettssaka i Gulating lagmannsrett, 70 vitne skal i vitneboksen.

Les og: Framleis null aktivitet i Sløvåg