Hopp til innhold

– Barn lir på grunn av lang saksbehandlingstid

Eit barn på to år har venta eit halvt år på å bli plassert i ein fosterheim. Nå klagar ein advokat fylkesnemnda for barnevernssaker inn for departementet.

Lars Braastad frå Gjøvik er advokat i to saker der han meiner at både norsk lov og den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) er broten.

Barnevernet har teke over omsorga for to barn i Vestoppland, utan at det har vorte endeleg avgjort kva som skal skje vidare med dei. I den eine saka har eit to år gammalt barn vorte buande i ein midlertidig beredskapsheim i eit halvt år, utan at fylkesnemnda har teke ei endeleg avgjerd.

– Det betyr at barn som har vorte utsett for omsorgssvikt må flytte nok ein gong, etter ha knytt seg til nye foreldre, seier Braastad.

Brot på barnevernslova

Lars Braastad

Advokat Lars Braastad reagerer på at det tek så lang tid å få avgjort barnevernssaker i Hedmark o Oppland.

Foto: Dag Andreas Kessel / NRK

Norsk lov krev at slike saker skal bli behandla så fort som mogleg, og seinast innan fire veker.

– Eg meiner at den lange saksbehandlingstida er brot på barnevernslova, men også eit brot på EMK. Dette er heilt spesielle saker som grip inn i folk sitt privatliv på ein heilt ekstrem måte, og da skal ein ha ei raskare behandling enn det som er mogleg nå, seier Braastad.

Han tek nå saka vidare til barne- og likestillingsdepartementet. Sjølv meiner han at årsaka til den lange saksbehandlingstida er at det er for få nemndleiarar i fylkesnemnda.

Leiar i fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i Hedmark og Oppland, Anders Skjevling, stadfestar at det er manglande bemanning som er årsaka til dei lange ventetidene.

Departementet forstår frustrasjonen

– Eg forstår at advokatar blir fortvila når det tek så lang tid, og er einig i at slike saker må behandlast så raskt som mogleg.

Det seier statssekretær Henriette Westhrin i barne- og likestillingsdepartementet. Ho seier at dei har auke løyvingane til fylkesnemndene med 15,5 millionar kroner, men at det samtidig har vore ei kraftig auke i talet på saker, og at dei derfor ikkje har klart å få ned ventetida så mykje som forventa.

– Vi ser at det er spesielt lang ventetid i Hedmark og Oppland, og vil nå setje inn ekstra tiltak der, seier statssekretær Henriette Westhrin.

Flere saker fra Innlandet