Hopp til innhold

Her er rakfisktrusa!

Rakfiskfestivalen i Valdres ventar over 20.000 besøkande. Og for dei som vil pynte seg litt ekstra til festen kan rakfisktrusa vere eit alternativ.

Rakfiskfestival i Valdres

Rakfisktrusene er svært populære, fortel seljar Cathrine Sletten.

Foto: Anne Storaunet

– Det starta med boksarane, så kom stringtrusa og longsen i fjor. Motiva er laga av ein lokal teiknar, og det er sjølvsagt nytt motiv kvart år.

Det seier Cathrine Sletten, som står for salet av dei mykje omtala rakfisktrusene under årets rakfiskfestival i Valdres.

Etter det NRK kjenner til skal det ikkje vere fare for botulisme ved bruk av dei pikante plagga, og Sletten fortel at responsen er formidabel.

– Folk kjøper masse, ler den blide kleselgaren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Viktig for Valdres

Og det er rakfisken som står i sentrum på Fagernes denne helga. Over 20.000 besøkande er venta til festivalen laurdag, og mange produsentar er på plass for å vise fram fisken sin.

– Det betyr ganske mykje for småskalaprodusentane å få vist fram produkta sine her. Samtidig er festivalen viktig for heile Valdres, og gjev auka omsetning for heile reiselivsbransjen i området, seier festivalsjef Håvard Halvorsen.

Han er eigentleg brannmann, men vikarierer i jobben som festivalsjef i år.

Håvard Halvorsen

Rakfiskfestivalen er svært viktig for Valdres, meiner festivalsjef Håvard Halvorsen. Men han innrømmer at den vellagra fisken blir vel barsk, sjølv for han.

Foto: Anne Storaunet

– Eg tykkjer jo sjølvsagt at rakfisk er godt sjølv også. Eg likar best den mellomste varianten, som blir kalla lagra. Den vellagra blir litt i sterkaste laget, men eg skjønar dei som likar den.

– Eg trur uansett at valdrisane er stolte av rakfisken og rakfiskfestivalen, og den set jo Valdres på kartet, seier festivalsjef Håvard Halvorsen.

Rakfiskfestival i Valdres

Det går med fleire tonn rakfisk under festivalen på Fagernes i helga.

Foto: Anne Storaunet