Hylestad kyrkje (1839) er åttekanta. Kyrkja har 300 sitjeplassar og tre galleri. Altartavla har to motiv og syner "Korsfestelsen" og "Nattverden".
Av
Helge Helgheim
Det var gudsteneste frå Hylestad kyrkje i Aust-Agder 28. mars.
Det var 2. påskedag, og teksten stod i Luk. 24, 13-35.
Sokneprest Theis Salvesen forretta og preika.
Kantor var Bernhard Emmelkamp.
Salmane stod i Norsk Salmebok på numrene 191 - Han er oppstanden, halleluja, 184 - Påskemorgen slukker sorgen, 189 - Å salige stund uten like, 187 - Deg være ære og nummer 180 - Jesus lever, gravi brast.
Åttekanta kyrkje

Hylestad kyrkje (1839) er åttekanta. Den fyrste kyrkja i Hylestad, stavkyrkja på Bjørgum, er nemnd alt i 1327. Ho vart riven i 1838.
Kyrkja har 300 sitjeplassar og tre galleri. Altartavla har to motiv og syner "Korsfestelsen" og "Nattverden".

Det er frå denne kyrkja dei kjende Hylestad-portalane kjem, med motiv frå heltesegna om Sigurd Fåvnesbane. I våpenhuset står kopiar av desse. Utsnitt av portalane var med på den førre 50-kronesetelen.
Kyrkja har 300 sitjeplassar og tre galleri. Altartavla har to motiv og syner "Korsfestelsen" og "Nattverden".