Det var gudsteneste frå Vanylven kyrkje i Møre og Romsdal søndag 6. februar.
Det var fastelavns søndag, og teksten stod i Luk. 18, 31-43.
Sokneprest Ruth Glæstad (overfor) preika, og ved orgelet sat kantor Svein Anders Aasen (til høgre).
Rovde Blandakor song, og på euphonium høyrde vi Jan Tore Hessevik.
Salmane stod i Norsk Salmebok: 479. 102. 97. 486. 109 (S-97).
Kyrkjehistorie
Det var det ein lang og bitter strid om kvar kyrkja skulle stå og kva slag materiale ho skulle byggjast i. Det enda opp med Slagnes som ligg mellom Åheim og Fiskåområdet i nordenden av den daverande kommunen.
I 1861 vart kontrakten om ny kyrkje underskriven. Til framkøyring av stein brukte dei hestar.
Det vart pliktarbeid på arbeidsplassen for lokalbefolkninga.
Eit dagsverk skulle vere det same som 11 arbeidstimar om sommaren og 7 arbeidstimar om vinteren.
Eit dagsverk med hest var likt to dagsverk utan hest. Arbeidet gjekk fort.
Korleis skulle kyrkja sjå ut?
Hausten 1862 kom teikningane på 16 ark frå arkitekt Georg Andreas Bull - (bror til den kjende musikaren Ole Bull).
Kyrkjeskipet var 26 alner langt og 20 alner breitt. Våpenhuset var 5 alner langt og koret 8 alner.
I tillegg var sakristiet (opphaldsrom for presten og til utstyret i kyrkja) seks gonger åtte alner (1 alen er ca 0,62m). Innanfor våpenhuset (inngongsparti i kyrkja) skulle det vere eit galleri.
Dei var elles redd for at tårnet, som var svært høgt, kunne blåse ned. Stygt vèr kunne skape vanskar: "Nærheden af Forbjerget Stat ofte falder saa orkanaktige Stormer hyppig forbundne med fryktelige Tordenveir."
Likevel vart tårnet bygdt slik som på teikninga til Bull. Tårnet står den dag i dag, sjølv om stormane ved Stadt kjem både titt og ofte.
Ferdig kyrkje
Fram på hausten 1863 var mesteparten av byggjearbeidet ferdig. Ein god del av inventaret frå gamlekyrkja på Åheim vart flytta over til nyekyrkja - mellom anna den gamle kyrkjeklokka og altertavla.
Mykje av treverket frå St. Jetmundkyrkja vart brukt til takkonstruksjonane i Vanylvskyrkja.
Den 21. februar 1864 vart kyrkja innvigd, og lensmannen las opp vigslingsbrev frå prosten.
Kyrkjeklokka
Først prøvde dei å bruke den gamle klokka som stod i den nedrivne kyrkja på Åheim.
Ein dag i 1892 ringde dei så sterkt at klokka slo sprekker og kunne ikkje brukast meir.
Det vart fort bestemt at dei skulle kjøpe ei ny. Ho vart bestilt i Oslo. Prisen var 400 kr og vekta 250 kg. Øvst på klokka står det skrive:
"Jakobs hus - kommer og vandrer i Herrens lys! Esaj. 2-5. Solia deo gloria. Anno 1893. Med min tunge klangfull vil eg kalle gamle unge - Bøyg dykk djupt i kne for Herren alle."
Nokre av bileta og tekst er henta frå heimesida til Vanylven kyrkje.