Av
Helge Helgheim
Sjå bildegalleri frå Orkdal kyrkje
Det var gudsteneste frå Orkdal kyrkje søndag 12. desember.
Det var 3. søndag i advent, og teksten stod i Matt. 11, 2-10.
Preika var ved prost Birger Foseide.
Kantor Barbara Kamienska Wrobel sat ved orgelet.
Koret Orklang deltok under sin dirigent Geir Lorentzen, og solist var Sverre Solberg.
Salmane stod i Norsk Salmebok på numra 19 - Kom, konge, kom i morgenglans, 12 - Rydd vei for herrens komme, 3 - Å kom, å kom, Immanuel og nummer 1 - Folkefrelsar, til oss kom.
Orkdal kyrkje

Etter at mellomalder-kyrkja var riven, bygde ein ei ny og større kyrkje av kleberstein som stod ferdig i 1893.
Mesteparten av steinen kom frå Munklia i Orkdal. Arkitekt var Bergstrøm. Han heldt seg strengt til den nygotiske stilen.
Den nye kyrkja fekk eit breitt langskip med to korte tverrarmar noko smalare enn skipet.
I Orkdalskyrkja finn ein spissbogen mange stader i varierande storleik: i døropningar og vindauge, i den dominerande korbogen, småbogane i alterringen, ramma kring alterbiletet og i orgelprospektet.
Fargar og tekstilar
Fargane i kyrkja har kunstnaren og konservatoren Olav Sæter stått for. Arbeidet vart gjort krigsåret 1940.
Veggteppa i kyrkja, og mykje av dei kyrkjelege tekstilane i dei fire liturgiske fargane på prestekleda, altar, lesepult og preikestol er gjeve av Fannrem kyrkjeforening.
Innvendig får trekk ved den nygotiske arkitekturen kyrkjerommet til å løfte og tøye seg opp mot det høge.
Utvendig lengde er 41 meter. Med sideskip og galleri er det ca. 700 sitteplassar.
Mange fagfolk reknar Orkdalskyrkja for den fremste mellom dei nygotiske kyrkjene i Trøndelag.
Orgel og opne benker
Den nye kyrkja fekk orgel. Det var med å skape meir liv og fest i gudstenestene.

Inntrykk gjorde det også at benkene no var opne - utan dør mot midtgangen. Gardane fekk ikkje faste benkplassar lenger.
Det er eit rikt song- og musikkliv i kyrkjelyden. Denne gongen er det orkdal blandakor - med sin dirigent Anne Grete Haugen - som deltar i gudstenesta.
Døpefonten
Døpefonten som er i bruk i dag, er frå 1946. Han framstiller fire barneenglar som held oppe dåpsfatet og som følgjer godt med som tilskodarar til det som skjer når barna blir døypte.
Døpefonten har eit lokk, eller ein hatt, som framstiller St. Georg sin kamp mot draken. Kanskje dette motivet har samanheng med den dramatiske historia som ligg bak denne døypefonten.
I tida frå slutten av oktober 1944 til mai 1945 la den tyske okkupasjons-makta ei underavdeling av Grini fangeleir til brakker som var oppførte på Grøtte prestegard sør for kyrkja. 21 fangar flytta inn her.
Etter frigjeringa ønskte desse fangene å vise folk i Orkdal at de var takknemlege for all medkjensle og omsorg som dei hadde opplevd frå bygdefolket. Etter gudstjenesta 2. mars 1947 overleverte to av fangene den nye døypefonten som gave til kyrkja.
Han er laga av bildehoggar Oscar Lynum som var treskjærar ved domkyrkja i Trondheim. I treet i døypefonten er innrissa med kniv "Lynum 1946".
På ei sølvplate står: "Fra Takknemmelige Grinifanger".
Dåpsfatet er frå den gamle kyrkja på Grøtte. Fatet er av messing og er nemnt i ei inventarliste frå 1648, men bokstavar som vanskeleg kan tydast i dag har ei utforming som var vanleg i gotisk skrift på 1300-tallet.
Opplysningane om kyrkja er henta frå divese heimesider om Orkdal kyrkje.