Radiogudstjenesten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Gudstjenesten
 
 

Orkdal kyrkje

I Orkdal blir det drive eit aktivt kristent arbeid både blant barn, unge og eldre. Mykje skjer naturlegvis rundt gudstenestelivet i bygda. Kyrkja ligg i nærleiken av tettstaden Fannrem. Det er stort sett gudstjenester kvar helg, fortel sokneprest Birger Foseide (bildet).

Publisert 11.10.2004 09:59. Oppdatert 17.10.2004 15:02.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Helge Helgheim

Det var gudsteneste frå Orkdal kyrkje i Sør-Trøndelag søndag 17. oktober.

Det var 20. søndag etter pinse.

Teksten stod i Joh. 9, 1-7, 35b-38.

Preika var ved kapellan Åse Rugland, og liturg var prost Birger Foseide.

Kantor var Piotr Wrobel (bildet).

Orkdal pensjonistkor deltok under sin dirigent Solveig Metlid. Solist var John Hoston.

Salmane stod i Norsk Salmebok på numrene 265 - Gladelig vil vi halleluja kvede, 543 - I tro under himmelens skyer, 331 - Kom, kom og hør et gledens ord, 335 - O Jesus, åpne du mitt øye og nummer 314 - Løftene kan ikke svikte.

Orkdal kyrkje

Etter at mellomalder-kyrkja var riven, bygde ein ei ny og større kyrkje av kleberstein som stod ferdig i 1893.

Mesteparten av steinen kom frå Munklia i Orkdal. Arkitekt var Bergstrøm. Han heldt seg strengt til den nygotiske stilen.

Den nye kyrkja fekk eit breitt langskip med to korte tverrarmar noko smalare enn skipet.

I Orkdalskyrkja finn ein spissbogen mange stader i varierande storleik: i døropningar og vindu, i den dominerande korbogen, småbogane i alterringen, ramma kring alterbiletet og i orgelprospektet.

Fargar og tekstilar

Fargane i kyrkja har kunstnaren og konservatoren Olav Sæter stått for. Arbeidet vart gjort krigsåret 1940.

Veggteppa i kyrkja, og mykje av dei kyrkjelege tekstilane i dei fire liturgiske fargane på prestekleda, altar, lesepult og preikestol er gjeve av Fannrem kyrkjeforening.

Innvendig får trekk ved den nygotiske arkitekturen kyrkjerommet til å løfte og tøye seg opp mot det høge.

Utvendig lengde er 41 meter. Med sideskip og galleri er det ca. 700 sitteplassar.

Mange fagfolk reknar Orkdalskyrkja for den fremste mellom dei nygotiske kyrkjene i Trøndelag.

Orgel og opne benker

Den nye kyrkja fekk orgel. Det var med å skape meir liv og fest i gudstenestene.

Inntrykk gjorde det også at benkene no var opne - utan dør mot midtgangen. Gardane fekk ikkje faste benkplassar lenger.

Det er eit rikt song- og musikkliv i kyrkjelyden. Denne gongen er det orkdal blandakor - med sin dirigent Anne Grete haugen - som deltar i gudstenesta.

Døpefonten

Døpefonten som er i bruk i dag, er frå 1946. Han framstiller fire barneenglar som held oppe dåpsfatet og som følgjer godt med som tilskodarar til det som skjer når barna blir døypte.

Døpefonten har eit lokk, eller ein hatt, som framstiller St. Georg sin kamp mot draken. Kanskje dette motivet har samanheng med den dramatiske historia som ligg bak denne døypefonten.

I tida frå slutten av oktober 1944 til mai 1945 la den tyske okkupasjons-makta ei underavdeling av Grini fangeleir til brakker som var oppførte på Grøtte prestegard sør for kyrkja. 21 fangar flytta inn her. Etter frigjeringa ønskte desse fangene å vise folk i Orkdal at de var takknemlege for all medkjensle og omsorg som dei hadde opplevd frå bygdefolket. Etter gudstjenesta 2. mars 1947 overleverte to av fangene den nye døypefonten som gave til kyrkja.

Han er laga av bildehoggar Oscar Lynum som var treskjærar ved domkyrkja i Trondheim. I treet i døypefonten er innrissa med kniv "Lynum 1946".

På ei sølvplate står: "Fra Takknemmelige Grinifanger".

Dåpsfatet er frå den gamle kyrkja på Grøtte. Fatet er av messing og er nemnt i ei inventarliste frå 1648, men bokstavar som vanskeleg kan tydast i dag har ei utforming som var vanleg i gotisk skrift på 1300-tallet.

Opplysningane om kyrkja er henta frå divese heimesider om Orkdal kyrkje.

* * * * * * * * *

Siste saker:

10 SISTE RADIOGUDSTJENESTEN


10 SISTE RELIGION

ANDRE PROGRAMMER OM RELIGION OG LIVSSYN

Andaktens hjemmeside med ny adresse

NRK.NO har tatt i bruk et annet verktøy. Det betyr også at sidene ser litt annerledes ut enn før. Du kan klikke her og komme videre til de nye sidene.

Nye sider

Ove Gundersen og Margrete Nåvik (foto: NRK / Helge Helgheim)
Mellom himmel og jord har fått nye internettsider. Du kommer til den nye hjemmesida ved å klikke deg videre herfra.

Gudstjenesten har fått nye nettsider

Gudstjenesten har fått nye nettsider. Du kan fremdeles lese artiklene og det andre innholdet på disse gamle sidene, men for oppdatert informasjon må du bruke de nye.

Nye sider

Ove Gundersen og Margrete Nåvik (foto: NRK / Helge Helgheim)
Mellom himmel og jord har fått nye internettsider. Du kommer til den nye hjemmesida ved å klikke deg videre herfra.

Livssyn i NRK1

NRK1s talkshow Mon Tro ble foreløpig avsluttet før jul. Fjernsynet regner med å være tilbake med et nytt livssynsmagasin høsten 2005.

Salmer til alle tider har fått nye nettsider

Dei gamle sidene er framleis tilgjengelege slik at du kan lese artiklar og anna innhald, men for oppdatert informasjon må du bruke dei nye sidene.

 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no