Av
Helge Helgheim
Det var gudsteneste frå Sauda kyrkje i Rogaland søndag 3. oktober.
Det var 18. søndag etter pinse. Teksten stod i Joh. 8, 31-36.
Prost Arne O. Øystese preika, og kantor Kjetil Øygard spelte orgel (bilete til høgre).
Sauda kyrkjekor var forsongarar, og salmane stod i Norsk Salmebok på mumra: 584 - Jesus, Frelser, vi er her, 704 - Løst fra gamle trelldomsbånd, 336 - Å, kor djup er Herrens nåde, 97 - Jesus från Nasaret går her fram og 375 - Vi stemmer i en frydesang.
Langkyrkje
Sauda kyrkje er ei langkyrkje - bygd i tømmer i 1866.
Ho vart påbygd i 1986 og har 350 sitjeplassar og blant anna eit galleri.
Altartavla er laga av Samuel Tveit i 1920 og syner Jesus i Getsemane.
Preikestolen er like gammal som kyrkja, medan døypefonten kom i 1952. Dette året fekk kyrkja også nytt orgel, men eit enda nyare orkel kom i 2002.
I 1950-åra hadde kyrkja ei stor ombygging og oppussing, og i 1980 vart tårnfoten bygd, med naudutgangar og trapp opp til galleriet. Kyrkja har derfor lite igjen frå det opprinnelege bygget.
Om Sauda
Byen Sauda ligg innst i Boknafjorden og har i underkant av 5000 innbyggjarar og ei arealmessig utstrekning på 514 km2. Sauda er først og fremst kjent som ein vannkraft- og industrikommune, og kommunen er handels-, skole- og servicesenter i Indre Ryfylke.

Sauda er også eit samfunn med kontrastar der ein finn både storindustri og et topp moderne samfunn, men også velstelte gardsbruk med gamle, tradisjonelle hus, samt naust ved fjorden.
Staden har skogsdrift og det er mogeleg å jakte og fiske i elvar og innsjøar. Dessuten finn ein skogkledde fjordsider med høge fossefall, høgfjell med mange nutar på 1500 – 1600 meter over havet.
Næringslivet har historisk vore forankra innan tungindustri. I løpet av få år har lokalsamfunnet hatt ei omstilling og framstår i dag med eit næringsliv som er variert med moderne industripark, ei aktiv reiselivsnæring og ei rekkje produksjons- og serviceverksemder.
Opplysningane overfor er henta frå Norsk kyrkjeleksikon og frå heimesidene til Sauda kommune, medan bileta av Sauda kyrkje og prost Arne O. Øystese er tekne av Kjetil Øygard).