Jørpeland kyrkje er ei såkalla arbeidskyrkje bygd i 1969 i råbetong. Ho har 450 sitjeplassar og eit galleri. Ei tekstilutsmykning med tittelen "Lovprisning" med måling, broderi og plexiglas er laga av Kjersti Hatlen Lunde i 1990.
Av
Helge Helgheim
Det var gudsteneste frå Jørpeland kyrkje i Rogaland søndag 16. mai.
Det var 5. søndag etter påske, og teksten stod i Matt. 6, 6-13.
Kapellan Geir Øy forretta og preika (biletet til høgre).
Kantor var Geir Arve Helvig.
Forsongarar frå kyrkjelyden deltok, og musikarar var Asbjørn Voster (gitar) og Tor Marlow Barka (saksofon).
Ein salme stod i Norsk Salmebok på nummer 718 - Kjære Gud, når eg ber.
Frå "Salmer 97" numra 136 - Så grønn en drakt, 47 - Det er makt i de foldede hender og nummer 71 - Tett ved sida mi går Jesus.
Frå "Barnesangboka" nummer 93 - Herren er Gud.
Frå "Til alle tider" numra 201 - Gud, jeg kjenner viljen din, 202 - Vær ikke redd, 126 - Som barn i ditt hus og nummer 89 - La din vilje skje.
Om kyrkja
Jørpeland kyrkje er ei såkalla arbeidskyrkje bygd i 1969 i råbetong. Ho har 450 sitjeplassar og eit galleri.
Både preikestolen og døypefonten er laga i tre.
Altertavla syner den oppstadne Kristus og er laga av Per Odd Aarrestad i 1983.
Ei tekstilutsmykning med tittelen "Lovprisning" med måling, broderi og plexiglas er laga av Kjersti Hatlen Lunde i 1990.
Det bur om lag seks tusen menneske i nedlagsfeltet til kyrkjelyden.
Om kommunen

Jørpeland ligg i Strand kommune i Ryfylke på fastlandet aust for Stavanger. Kommunen har god kommunikasjon dit.
Houvdåra er ferje frå Tau minst ein gong i timen og med 40 minutt reisetid. For pendlarar og andre går det hurtigbåt både frå Tau og Jørpeland.
Strand kommune er tyngdepunktet innanfor Ryfylkeregionen både befolkningsmessig og som senter for handel og servicetilbod.
Det bur rundt 10100 mennesker i heile kommunen, og det har vore ein jamn befolkningsauke dei seinare år.
Hovudsenteret i kommunen er Jørpeland som har hatt bystatus sidan 1998. Tau er det andre hovudsenteret i kommunen, og her bur rundt 3000 menneske. Strand videregående skole med tilbod innan dei fleste studieretningar ligg på Tau.
Bileta av Geir Øy og Jørpeland kyrkje er tekne av Torbjørn Vidnes.