Radiogudstjenesten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Gudstjenesten
 
 
Eineståande orgel i Vangskyrkja

Voss kyrkje

Voss kyrkje - eller Vangskyrkja som ho blir kalla av bygdefolket - er frå 1277. Ho har plass til 550 personar. Før den noverande steinkyrkja stod det truleg ei trekyrkje der. Altertavla er eit måleri av korsfestinga signert Elias Figenschoug frå 1642. Det er prost Knut August Knudsen som preikar.

Publisert 08.03.2004 12:59. Oppdatert 14.03.2004 13:51.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Helge Helgheim

Det var gudsteneste frå Vangskyrkja i Voss i Hordaland søndag 14. mars.

Det var 3. søndag i faste. Teksten stod i Hebr. 12, 1-3.

Prost Knut August Knudsen forretta og preika (biletet overfor).

Voss og Omland kantori (biletet til høgre) deltok under sin dirigent Grethe Hovland.

Organist var Frode Vik.

Salmane stod i Norsk Salmebok på numra 110 - reis deg, Herre, i ditt velde, 446 - I Jesu namn me stemner fram til himmelhamn, 451 - Hjelp meg, Herre Krist, å strida, 109 - Jesus, lyft ditt ljose merke og nummer 479 - Deg å få skode.

Om Vangskyrkja

Vangskyrkja er ein av dei ni kyrkjestadene i Voss prestegjeld og ligg i Voss sentrum.

Kyrkja er gammal og er frå 1277. Ho har plass til 550 personar.

Før den noverande steinkyrkja stod det truleg ei trekyrkje der.

Altertavla er eit måleri av korsfestinga signert Elias Figenschoug frå 1642 - i såkalla Rubenstil.

Preikestolen er frå 1670 og er laga i seinrennesanse og barokk stil. På døypefonten frå 1820 finn vi ein engel i eik i barokk stil. Kyrkja har og eit glasmåleri frå 1923, som viser Kristus frå det jordiske til det himmelske.

Kyrkja har to kyrkjeklokker, den ene frå Qvarme og Berg i 1828, den andre frå Joh. Nordengen Bergen frå 1808.

Dermed kan ein seie at Vangskyrkja har ei lang rekkje klenodiar.

Nytt orgel

Ei av dei største hendingane på Voss ved årtusenskiftet var det nye orgelet. Voss som prostesete og Vangskyrkja som hovudkyrkje i Hardanger/Voss prosti, har endeleg fått den reiskapen som høver, meiner kyrkjelyden.

Dei musikalske eldsjelene i soknet meiner at Voss etter kvart skal bli eit kyrkjemusikksenter. Det er stor mangel på orgainistar/kontorar i Norge. Det vil vere naturleg å marknadsføre det nye orgelet.

Slik kan kyrkjemusikken i kyrkjelyden bli eit føredøme for dette musikaryrket som framleis har jobbar kring heile landet å tilby dei unge.

Gamle Vangskyrkja har fått nytt orgel. Det har vore fleire orgel i kyrkja dei siste 170 åra, mellom anna frå 1923 og det siste frå 1993.

Etter som åra gjekk vart det meir og meir klårt at det var ynskjeleg å arbeida for eit nytt orgel. Om lag ti år har det teke frå dei fyrste vedtaka vart gjorde i saka til instrumentet varr på plass ved tusenårsskiftet.

Kyrkjelyden vonar at gudstenestelivet vil få eit løft og at vakre tonar frå orgelpipene kan gi ekstra glede når det er ein festdag i kyrkja, eller at tonane kan gje trøyst og lindring på ein sorgtung dag ved ei båre.

Også at musikarar, både lokale og utanfrå, kon få inspirasjon til å framføre oppløftande konsertar.

Det viktigaste perspektivet for det nye orgelet og dei som skal bruke det, anten det er til salmesong eller gjennom konserter, er at det skal tene Gud til ære.

Utan dette himmelske perspektivet blir strevet nyttelaust, meiner mange.

Kjeldene til stoffet i denne artikkelen er "Norsk kirkeleksikon" og heimesidene til kyrkjene i Voss.

Siste saker:

10 SISTE RADIOGUDSTJENESTEN


10 SISTE RELIGION

ANDRE PROGRAMMER OM RELIGION OG LIVSSYN

Andaktens hjemmeside med ny adresse

NRK.NO har tatt i bruk et annet verktøy. Det betyr også at sidene ser litt annerledes ut enn før. Du kan klikke her og komme videre til de nye sidene.

Nye sider

Ove Gundersen og Margrete Nåvik (foto: NRK / Helge Helgheim)
Mellom himmel og jord har fått nye internettsider. Du kommer til den nye hjemmesida ved å klikke deg videre herfra.

Gudstjenesten har fått nye nettsider

Gudstjenesten har fått nye nettsider. Du kan fremdeles lese artiklene og det andre innholdet på disse gamle sidene, men for oppdatert informasjon må du bruke de nye.

Nye sider

Ove Gundersen og Margrete Nåvik (foto: NRK / Helge Helgheim)
Mellom himmel og jord har fått nye internettsider. Du kommer til den nye hjemmesida ved å klikke deg videre herfra.

Livssyn i NRK1

NRK1s talkshow Mon Tro ble foreløpig avsluttet før jul. Fjernsynet regner med å være tilbake med et nytt livssynsmagasin høsten 2005.

Salmer til alle tider har fått nye nettsider

Dei gamle sidene er framleis tilgjengelege slik at du kan lese artiklar og anna innhald, men for oppdatert informasjon må du bruke dei nye sidene.

 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no