Radiogudstjenesten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Gudstjenesten
 
 
Ny stallkyrkjelyd frå Sør-Trøndelag

Orkdal kyrkje

I Orkdal blir det drive eit aktivt kristent arbeid både blant barn, unge og eldre. Mykje skjer naturlegvis rundt gudstenestelivet i bygda. Kyrkja ligg i nærleiken av tettstaden Fannrem. Det er stort sett gudstjenester kvar helg, fortel sokneprest Birger Foseide.

Publisert 19.01.2004 09:07. Oppdatert 30.01.2004 07:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Helge Helgheim

Les preika nederst på denne sida

Det var gudsteneste frå Orkdal kyrkje i Sør-Trøndelag søndag 25. januar.

Det var 3. søndag etter Kristi openberringsdag, og teksten stod i Johs. 4, 27-42.

Preika var ved prost Birger Foseide (overfor).

Liturg var kapellan Pål Ove Lilleberg.

Kantor var Piotr Wrobel (til høgre).

Orkland mannskor song under sin dirigent Einar Kristiansen. Sangsolist var Ellen Jorunn Bergem.

Salmane var henta frå Norsk Salmebok på numra 265 - gladelig vil vi halleluja kvede, 514 - Reis deg, Guds menighet og nummer 505 - Jesus skal rå.

Fra "Salmer 97" synger vi nummer 109 - Der det nye livet lever og nummer 112 - Åkrane kvitnar mot hausten.

Orkdal kyrkje

Etter at mellomalder-kyrkja var riven, bygde ein ei ny og større kyrkje av kleberstein som stod ferdig i 1893.

Mesteparten av steinen kom frå Munklia i Orkdal. Arkitekt var Bergstrøm. Han heldt seg strengt til den nygotiske stilen.

Den nye kyrkja fekk eit breitt langskip med to korte tverrarmar noko smalare enn skipet.

I Orkdalskyrkja finn ein spissbogen mange stader i varierande storleik: i døropningar og vindu, i den dominerande korbogen, småbogane i alterringen, ramma kring alterbiletet og i orgelprospektet.

Fargar og tekstilar

Fargane i kyrkja har kunstnaren og konservatoren Olav Sæter stått for. Arbeidet vart gjort krigsåret 1940.

Veggteppa i kyrkja, og mykje av dei kyrkjelege tekstilane i dei fire liturgiske fargane på prestekleda, altar, lesepult og preikestol er gjeve av Fannrem kyrkjeforening.

Innvendes verkar mange trekk ved den nygotiske arkitekturen til å skape ei kjensle av at kyrkjerommet løfter og tøyer seg opp mot det høge.

Utvendig lengde er 41 meter. Med sideskip og galleri er det ca. 700 sitteplassar.

Mange fagfolk reknar Orkdalskyrkja for den fremste mellom dei nygotiske kyrkjene i Trøndelag.

Orgel og opne benker

Den nye kyrkja fekk orgel. Det var med å skape meir liv og fest i gudstenestene.

Inntrykk gjorde det også at benkene no var opne - utan dør mot midtgangen. Gardane fekk ikkje faste benkplassar lenger.

Døpefonten

Døpefonten som er i bruk i dag, er frå 1946. Han framstiller fire barneenglar som held oppe dåpsfatet og som følgjer godt med som tilskodarar til det som skjer når barna blir døypte.

Døpefonten har eit lokk, eller ein hatt, som framstiller St. Georg sin kamp mot draken. Kanskje dette motivet har samanheng med den dramatiske historia som ligg bak denne døypefonten.

I tida frå slutten av oktober 1944 til mai 1945 la den tyske okkupasjons-makta ei underavdeling av Grini fangeleir til brakker som var oppførte på Grøtte prestegard sør for kyrkja. 21 fangar flytta inn her. Etter frigjeringa ønskte desse fangene å vise folk i Orkdal at de var takknemlege for all medkjensle og omsorg som dei hadde opplevd frå bygdefolket. Etter gudstjenesta 2. mars 1947 overleverte to av fangene den nye døypefonten som gave til kyrkja.

Han er laga av bildehoggar Oscar Lynum som var treskjærar ved domkyrkja i Trondheim. I treet i døypefonten er innrissa med kniv "Lynum 1946".

På ei sølvplate står: "Fra Takknemmelige Grinifanger".

Dåpsfatet er frå den gamle kyrkja på Grøtte. Fatet er av messing og er nemnt i ei inventarliste frå 1648, men bokstavar som vanskeleg kan tydast i dag har ei utforming som var vanleg i gotisk skrift på 1300-tallet.

Opplysningane om kyrkja er henta frå divese heimesider om Orkdal kyrkje.

* * * * * * * * *

Preika

Prost Birger Foseide si preike i Orkdal kyrkje 3. søndag etter Kristi openberringssøndag.

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Johannes i det fjerde kapitlet. - - Heilage Far. Helge oss i sanninga. Ordet ditt er sanning.

Løft augo! seier Jesus. Ja, tenk om vi kunne løfte blikket vi som ofte ser oss blind på dei nære tinga. Kvardagen er så stressa og masete, tidsklemma pressar oss meir og meir, Vi senkar blikket og kjenner på at vi ikkje strekk til. Tenk å få løfte blikket – kan Jesus hjelpe oss til det?

Det er januar og tid for årsrekneskap og årsmeldingar. Tenk om vi kunne få hjelp til å løfte blikket og sjå framover med håp og tru!

Og i våre kristelege samanhengar er det så mangt som kallar på vår innsats. Det er styre og råd og komitear med store haugar med sakspapir. Eg hugsar eg skulle ha opningsandakt på eit slikt møte der folk sat og såg ned i bunken med sakspapir og vanskelege vedtak som skulle gjerast. Eg fekk lese Jesu ord om å løfte blikket og sjå korleis åkrane gulnar mot hausten.

Tenk om Jesus kunne lære oss denne søndagen å løfte blikket opp frå dei vanskelege sakene og sjå framover og oppover, slik at vi vågar å reise oss opp, sjå våre medmenneske i augo, og sjå lyset og muligheitene og håpet. Gud har ei framtidsplan for sitt rike.

Teksta fortel om ei kvinne som møtte Jesus ved brønnen i Sykar midt på dagen. Det skulle ikkje vere folk der på denne tida. Jesus forstod at ho kom dit midt på dagen for å unngå å treffe dei andre” kvinnene ved vannposten” som brukte å samlast der om morgonen. Ho hadde sine grunnar.

Denne kvinna opplevde seg sjølv som ein tapar og vart fordømt av dei andre i landsbyen. Ho hadde hatt 5 menn og den mannen ho no hadde var ikkje hennar mann. Livet hadde fare hardt med denne kvinna.

Men Jesus såg muligheitene. Denne kvinna kunne bli ein misjonær. Og ganske riktig, det skjedde noko der ved brønnen denne dagen. Jesus kom i samtale med eit menneske som fekk ein nystart i livet sitt. Det skjedde ei forandring. Denne kvinna fekk løfta blikket og skjemdest ikkje lenger over livet sitt, men let vasskrukka si stå og sprang tilbake til landsbyen sin og fortalde om denne mannen som hadde visst alt om livet hennar, men som likevel aksepterte ho og ba henne om vatn.

Ho gjekk ut frå landbyen sin som ein skamfull tapar. Ho kom tilbake som ei oppreist kvinne – forvandla. Kvinna var avslørt og gjennomskua, men hadde møtt Jesus som tilga og aksepterte ho. Ho var avslørt, men likevel elska. Derfor kunne ho løfte blikket og gå sine sambygdingar i møte , sjå dei i augo, og fortelje dei kvar frelsa var å finne,

Ho begynte ikkje å vitne om Jesus fordi ho hadde eit nytt og bedre liv å vise til. Men Jesus hadde reist ho opp, og det hadde gjort denne kvinna til eit nytt menneske som våga å møte sambygdingane sine. Jesus vil røre ved oss også, slik at han får sett oss i bevegelse mot våre medmenneske.

Men eg er ingen verdig representant for Jesus, seier du kanskje. ”Livet mitt er dårleg reklame for kristendommen.” Men Jesus kunne bruke denne kvinna. Han såg muligheitene. Det var mange som kom til tru på grunn av at ho fortalde om sitt forhold til Jesus.

Den kristne kyrkja veks fordi folk vitnar om si tru og formidlar ein kjennskap til Jesus som ein som tilgir og reiser folk opp. Det var ikkje ein ny prest, eller berømt predikant som skapte nytt liv og røre i Sykar, men ei kvinne som hadde møtt aksept hos Jesus og som formidla dette møtet til dei andre.

Det blir liv og rørsle i våre menigheiter når folk får møte Jesus. Vi kan invitere til gudstenester og bibelgrupper. Mange plassar blir det no arrangert Alpha-kurs der folk får snakke med andre om si tru i smågrupper. Så skjer det også i våre menigheiter at det er nokon som kjem til tru. Da løfter vi blikket og gleder oss.

Orkdal menighet har eit misjonsprosjekt på Madagaskar. Guri og Terje Bjørkås frå Orkdal arbeider i Morondava på jordbruksskulen Tsarafototra. Mor til Terje, Edith Bjørkås, har sjølv vore misjonær i mange år på Madagaskar.

-Du Edith, kva var det som gjorde at du reiste til Madagaskar som misjonær?

Da du var på Madagaskar desse åra: Møtte du nokon gassiske kvinner som vart misjonærar i sin landsby slik som denne kvinna vi les om i bibelteksta?

Det er gjennom misjonsarbeidet at mange av oss har fått augo opp for at vi har eit ansvar for alle folkeslag på jorda vår. Og det er misjonsarbeidet som har skapt glede hos oss over at vi står i eit verdensvidt fellesskap av kristne over heile jorda.

Det er denne visjonen som skaper misjon. Det skjer ting, det blir action, når Jesus får sett oss i bevegelse. Vår mat skal vere å gjere Guds vilje, seier Jesus til oss i dag. Det er dette som skal mette oss og tilfredsstille oss. Vi skal få vere Guds medarbeidarar og vere med på innhausting.

La oss sjå muligheitene! La oss løfte blikket og sjå åkrane modnast til hausten!

"Oppløft ditt syn du kristensjel det dugger over dal og fjell, det våres alle vegne!" slik skreiv salmediktaren Landstad det i ein gammal misjonssalme.

Vi veit i dag at det er store kristne forsamlingar i mange land på grunn av misjonens arbeid, men den tida Landstad skreiv denne salmen så skreiv han det fordi han hadde fått melding om at èin sør-afrikanar hadde vorte døypt etter at den første norske misjonæren Hans Paludan Smith Schreuder hadde arbeidd som misjonær i Sør-Afrika i 14 år! Landstad såg muligheitene. Han løfta blikket: Oppløft ditt syn du kristensjel – det våres alle vegne.

Ære vere Fadern, og Sonen og Den heilage Ande. Som var, er og vere skal ein sann Guud frå æve og til æve. Amen.

Siste saker:

10 SISTE RADIOGUDSTJENESTEN


10 SISTE RELIGION

ANDRE PROGRAMMER OM RELIGION OG LIVSSYN

Andaktens hjemmeside med ny adresse

NRK.NO har tatt i bruk et annet verktøy. Det betyr også at sidene ser litt annerledes ut enn før. Du kan klikke her og komme videre til de nye sidene.

Nye sider

Ove Gundersen og Margrete Nåvik (foto: NRK / Helge Helgheim)
Mellom himmel og jord har fått nye internettsider. Du kommer til den nye hjemmesida ved å klikke deg videre herfra.

Gudstjenesten har fått nye nettsider

Gudstjenesten har fått nye nettsider. Du kan fremdeles lese artiklene og det andre innholdet på disse gamle sidene, men for oppdatert informasjon må du bruke de nye.

Nye sider

Ove Gundersen og Margrete Nåvik (foto: NRK / Helge Helgheim)
Mellom himmel og jord har fått nye internettsider. Du kommer til den nye hjemmesida ved å klikke deg videre herfra.

Livssyn i NRK1

NRK1s talkshow Mon Tro ble foreløpig avsluttet før jul. Fjernsynet regner med å være tilbake med et nytt livssynsmagasin høsten 2005.

Salmer til alle tider har fått nye nettsider

Dei gamle sidene er framleis tilgjengelege slik at du kan lese artiklar og anna innhald, men for oppdatert informasjon må du bruke dei nye sidene.

 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no