Av
Helge Helgheim
Det var gudsteneste frå Valderøy kyrkje i Møre og Romsdal søndag 4. januar.
Det var Kristi openberringsdag, og teksten stod skriven i Johs. 8, 12.
Sokneprest Kjetil Frøysa preika (bildet overfor).
Kantor var Richard Powell (bildet til venstre).
Koret Laudamus deltok, og sangsolist var Andrè Sjåvåg.
Salmane var henta frå Norsk Salmebok på numra 98 - Kristus er verdens lys, 922 - Ditt rike består gjennom alle tider, 94 - Fager er den himmel blå og nummer 80 - Du Ord frå alle æver. Den nest siste salmen i gudstenesta er hentra frå "Salmar 97" på nr. 110.
Aktiv kyrkjelyd
29. juli, Olsok 2001, var det 40 år sidan Valderøy kyrkje blei vigsla. Dette vesle jubileet blei sjølvsagt markert i jbileumsåret.
Inne i kyrkja.
Klokkar Arnhild Sæther hadde leita i gulna brev og funne fram mykje spennande, frå dei første førebuingane til gjennomføringa av bygginga av kyrkja.
Herdis Lervik og Lars Mulelid fekk kvar sin bukett blomar. Dei hadde begge to vore med heilt frå starten i arbeidet med bygginga av kyrkja.
I taket over midtgangen i Valderøy kyrkje har dette skipet hengt sidan kyrkja vart innvigd, det vil seie i meir enn 40 år.
Skipet er ein modell av den stolte seilskuta Statsraad Lehmkuhl som også tok del i det store Cutty Sark-arrangementet i Ålesund sommaren 2001.
Mannen som laga dette skipet til kyrkja budde på Valderøy og heitte Thorvald Lund Olsen. Etter å ha vore fiskar, dreiv han som modellbyggar i mange år inntil han døydde i 1966.
Han laga båt-modellar for mange rederi og Harald M. Valderhaug som også er kjend for sine båtmodellar, fekk si første opplæring hos Olsen.
Skipet i kyrkja kan symbolisere mennesket som eit skip på reise på livets hav. Havet er somme tider roleg, ein kan ha medvind, men av og til er det også storm og motvind. Kyrkja er eit skip som aldri går ned.
Valderøya er kommune-sentrum i Giske kommune. Rådhuset ligg på Valderøy, og huser blant anna kommuneadministrasjonen, tannpleietenesta og legekontoret for innbyggjarane i Giske kommune.
Valderøya er også den øya som har størst befolkning. Dessutan må folket frå dei andre øyane innom Valderøy for å komme seg vidare til Ålesund.
Namnet Valderøy har ikkje noko skikkeleg tolking. Men det har ei tolking om at det kjem frå "neskongen" Valder, og at det liksom skal vere han som er gravlagd i Kongshaugen.
Valderøya er 6,5 km2 stor, berglendt og med kommunesenteret Valderhaug på søraustre sida. Øya har 3013 innbyggjarar (2001) og tunnelsamband til Ålesund, dit mange pendlar.
Mot vest ligg Skjonghelleren, ei stor fjellhole med spor etter busetnad frå yngre jernalder.
I Valderhaugen er det funne restar etter den eldste båten i Norden. Dei viktigaste næringsvegane er fiske og fiskeforedling, mekanisk industri og tenesteyting.
Opplysningane overfor er henta frå ulike heimesider der det er stoff om Valderøya, Valderøy kyrkje og kyrkjelyden.