NRK P1 til fjellbygda Oppdal 2. påskedag
Altertavla i Lønset kyrkje heiter "Kors" og stammar frå året da kyrkja vart innvigd. Kyrkja har to kyrkjeklokker, den eine frå 1771 og den andre frå 1786.
Av
Helge Helgheim
Det var gudsteneste frå Lønset kyrkje i Oppdal i Sør-Trøndelag 2. påskedag - 21. april.
Teksten stod i Luk. 24, 13-35. Sokneprest Arne Aspeland preika. Organist John Vognild spela. Oppdal misjonskor song, og Kolbjørn Berg dirrigerte.
Solist på fløyte var Louise Timmerman Nilssen.
Salmane stod i Norsk Salmebok på numra 182, 174, 179, 171 og 187.
Lønset kyrkje er åttekanta, bygd i tømmer i 1863.
Ho har 250 sitjeplassar og eit galleri.
Ho er ei av dei to anneks-kyrkjene i Oppdal.
Altertavla heiter "Kors" og stammar frå året da kyrkja vart innvigd.
Kyrkja har to kyrkjeklokker, den eine frå 1771 og den andre frå 1786.
Barndomsminne frå Lønset-kyrkja
Eg har ikkje berre gode minne frå Lønset-kyrkja. Det seier ein av dei som vaks opp i bygda, Oddmund Horvli.
Han fortel at foreldra hans arrangerte storreingjering i kyrkja om somrane da han var liten gut. Han hugsar ein gong han var med og fekk til oppgåve å bere ut dei mange spyttebakkane som den gongen stod mellom benkeradene på mannfolksida (høgre sida).
Det var tunge malmkoppar som var fylte med einebar for å skjule tobakksklysene frå gamlekarane som togg skråtobakk.
Det er godt at den tida er forbi og at spyttebakkane no berre finst på museum, seier han!
Denne forteljinga er bygd på opplysninar frå "Bøgda vår".