Prestegjeldet et har to sokn, Blomvåg og Hjelme. Kommunen prestegjeldet ligg i, er elles velkjent for to store industrianlegg, Stura (Hydro) og Kollsnes (Statoil), men også anna næring er viktig, ikkje minst fiskeoppdrett, fortel fungerande sokneprest Svenn Martinsen.
Det var gudsteneste i Blomvåg kyrkje i Øygarden i Hordaland søndag 5. januar. Dagen var også Kristi openberringsdag.
Teksten stod i Matt. 2, 1-12, og det var fungerande sokneprest Svenn Martinsen som preika.
Ved orglet sat kantor Anne Lise Grøm.
Vik mannskor deltok med song, og det var John Solsvik som dirigerte koret.
Salmane stod i Norsk Salmebok på numra 94 (v. 1-15) 4 (i Salmar-97), 777, 72 og 94 (v. 6-7).
Eineståande kyrkje
Kyrkja frå 1931 er ifølgje Riksantikvaren unik, og ho er den einaste i sitt slag i landet.
Altartavla er eit måleri av Jesus som viser seg ved Tiberiassjøen. Det er to klokker i kyrkja, og på den eine står "Kom til guds hus. Alle er velkommen" og på den andre "Hør, jeg kaller eder".
Prestegjeldet heitte lenge Herdla, men skifta namn i 1964 i samband med skipinga av den nye Øygarden kommune.
Prestegjeldet et har to sokn, Blomvåg og Hjelme. Kommunen prestegjeldet ligg i, er elles velkjent for to store industrianlegg, Stura (Hydro) og Kollsnes (Statoil), men også anna næring er viktig, ikkje minst fiskeoppdrett.
Blomvåg er også ei kvalfangarbygd. Skuta ligg fortøygd rett nedanfor kyrkja.
Elles må også nemnast at naturen er svært vakker, med mange øyar og småbygder. Nordsjøen er tett på i vest, og Hjeltefjorden i aust.
Svenn Martinsen er konstituert soknepret i Øygarden. Han er ein engasjert forkynnar og har halde fleire gudstenester i radioen dei siste åra.
Artikkelen er lagt tilrette for nett av Helge Helgheim.