Det var gudstjeneste i Vereide kyrkje i Gloppen i Sogn og Fjordane 22. september. Det var 18. søndag etter pinse. Teksten stod i Joh. 8, 31-36.
Sokneprest i prestegjeldet er Olaf Sigurd Gundersen.

Anders Rinde er kantor i kyrkjelyden (til venstre).
Gloppen jentekor deltok. Dirigent er Ann-Magrit Bjørnsen.
Solist på cello var Henrik Silfverheim.
Salmane var henta frå Norsk Salmebok på numra 265, 886, 331, 449 og 697.
Hovudkyrkja
Vereide kyrkje er hovudkirke i Gloppen prestegjeld, og blir gjerne kallla "Nordfjord-domen".
Ho ligg i strandkanten 5 km frå Sandane sentrum. Kyrkja er ei stor kvitkalka steinkyrkje. Alderen er vi noko usikre på. Skriftlege kjelder seier at kyrja vart bygd i 1631. I dag trur vi helst at kyrkja har vore i så stort forfall at ei restaurering i 1631 har vorte sett på som nybygging.
Kyrkja som står i dag, kan derfor vere den same som i tidleg
mellomalder var ei av dei 4 hovudkyrkjene - fjerdingskyrkjene - i Firda-fylket.
Den opprinnelege steinkyrkja var eit rektangulært rom utan kor- eller tårntilbygg. Det er ein påfallande likskap mellom Vereide kyrkje før ombygging i 1879 og Hvalsøyfjord kyrkje pac Grønland, som er den best bevarte mellomalder-ruinen der. Dei to kyrkjene er som søsterkyrkjer.

I tre-tårnet som vart bygd på i 1879, er det 3 klokker, to mellomalderklokker og ei ny.
Det er ei mellomalderklokke og ei ny som no er i bruk. Den nye har innskrifta: "Kristus er oppstaden. Lovsyng Gud i hans heilagdom!"
Sjeldan døpefont
Kyrkja har elles ein klebersteins-døpefont frå mellomalderen og det eldste barneportrettet i Noreg - frå 1608 - over sæle Beritte Kirstendatter som døydde tre år gammal.
Altertavla er ei gedigen katekisme-tavle frå 1604. Framfor henne på altarbordet står no - som blikkfanget i kyrkja - eit sterkt og vakkert bronsekrusifiks - med bladgull utanpå - laga av ein av dei fremste kyrkjekunstnarane i Norden, den danske kunstnaren Sven Havsteen Mikkelsen.
Han har også laga ei fin glassmosaikkrute til koret og to store måleri som heng på nordsida i kyrkja. Det eine heiter "Gjenkomsten", og viser to som er vendt mot den dag som skal gjere alle ting nye. Det andre er "Julenatt". Vi ser Maria, Josef, vismennene og hyrdene rundt krybba.
Den mørke, trugande stallen blir fylt av lyset som kjem frå Jesusbamet i krybba. Takbjelkane over stallen har form som ei stjeme, men også som ein T-forma kross. Ser vi nøye etter, oppdagar vi at blant dei som betraktar barnet, er der også måla fint ut ei tom kappe. Ved krybba er der ein ledig plass for den som ser bildet.
Havsteen Mikkelsen har også laga ei stor glassmosaikkrute "Fra mørket til lyset" i den nye arbeidskyrkja på Sandane.
Vereide kyrkje er gjennom året ei svært godt besøkt kyrkje. Og det kjem godt med folk også utanom høgtidene.
Teksten er skriven for nett av Helge Helgheim.