skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Ikkje lett for regjeringa heller

Spørsmålet om gasskraftverk blei på ein måte rydda opp i då regjeringspartia tinga fram SEM-erklæringa. Eitt av momenta var at det som er vedteke i fortida skal stå fast.

Publisert 05.02.2002 15:20.
Av Bjørn Bø, politisk kommentator

Ballasten er dei politiske motsetnadene som gjorde at Høgre fellde Bondeviks førre regjering på saka om gasskraftverk.
Olje og energiminister Steensnæs frå Kristeleg Folkeparti driv no, sekundert av statsministeren, og sel inn ein plan for utvikling av reine gasskraftverk.

Høgre er også for reine gasskraftverk. Men når det blir skapt tvil om lagnaden for dei konsesjonane som alt er gjevne, blir det bråk. Og dermed kjem dei politiske spenningane i regjeringa opp i dagen.

Det var ikkje med rungande hurrarop at Kristeleg Folkeparti gjekk inn i regjering med Høgre. Noko av det som har gjort vondt er at ein meiner regjeringa fører Høgres distriktspolitikk. At Bondevik sist helg omdisponerte 800 millionar kroner til fylkeskommunane var vel meint som politisk naudhjelp, men framstår meir som politisk konditorfarge.

Dessutan - statsministeren har etter kvart funne grunn til å fortelje at han blir meir og meir glad i regjeringa, og at samarbeidet er framifrå. Slikt er ofte teikn på at det slett ikkje er så lett.

Regjeringa er under Carl I. Hagens nåde. Det er ein situasjon ein helst vil gløyme i Kristeleg Folkeparti, men som ein ikkje kan gløyme. Hagen er til dømes sterkt kritisk til Steensnæs utdeling av pengar til reine gasskraftverk.

Men det er berre småtteri mot det som ventar av krav til neste statsbudsjett. Tanken på det er mest plagsam for Kristeleg Folkeparti, men er også ei utfordring for Høgre.
Høgre felte altså sentrumsregjeringa på miljøpolitikk. No styrer Høgres Børge Brende miljøverndepartementet.

Både Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner dei har fått utteljing for eigen miljøpolitikk i regjeringa. Men det er Brende og Høgre som som får den æra som måtte finnast etter si dyktig utøving og profilering av ein politikk som i berre liten grad er ny.

Venstre blei drege inn i regjeringa som fikenblad for Bondevik i hans hopehav med Høgre. Venstres opne strid med seg sjølv verkar neppe inn på regjeringa akkurat no - men syner heller at Venstre er sjølvhjelpt med politisk bråk.

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no