Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Studielån
Auke studielånet og få fleire heiltidsstudentar
Ap vil lage ein ny modell for studiefinansering som gjer at fleire kan vere heiltidsstudentar. Partiet vil også gi tolv månadars studiestøtte til heiltidsstudentar med barn under 16 år, mot elleve månadar i dag.
Les meir om AP -
Høgre om Studielån
Auke studielånet, spesielt til dei som blir fort ferdige
Høgre vil at studiestøtta skal auke minst like mykje som pris- og lønsveksten i samfunnet. Dei vil også at studentar skal kunne jobbe og tene meir under studia, utan at stipendet blir mindre.
Partiet vil elles auke støtta til studentar som vil ta utdanninga raskare enn på normert tid, og til studentar med barn.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Studielån
La studentar tene meir utan å miste studielån
Frp vil la private bankar tilby studielån med same vilkår som Lånekassen, slik at studentar kan velje bank sjølve. Partiet vil også la folk tene meir mens dei studerer, utan at studielånet blir mindre.
I tillegg skal meir av skulepengane bli gitt som stipend til dei som går på privatskule i Noreg eller tek utdanning i utlandet.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Studielån
Auke studielånet til over 150.000 kroner i året
Sp opnar for at studentar skal kunne jobbe og tene meir under studia, utan at stipendet blir mindre. Partiet vil halde på ordninga der 40 prosent av lånet blir omgjort til stipend dersom du står på eksamen.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Studielån
Auke studielånet til over 200.000 kroner i året
SV vil auke studielånet og fordele den over tolv månadar. Partiet vil halde på ordninga der 40 prosent av lånet blir omgjort til stipend dersom du står på eksamen.
I tillegg opnar partiet for å utvide ordninga som finst i Finnmark og Nord-Troms, der folk får sletta delar av studielånet sitt, slik at ordninga også gjeld i andre delar av Distrikts-Noreg.
Les meir om SV -
Venstre om Studielån
Auke studielånet til over 150.000 kroner i året
Venstre vil gi studentar med barn studiestøtte fordelt over 12 månadar. Partiet vil også at ein kan få studielån seinere i livet dersom ein vil ha påfyll av kunnskap eller kompetanseheving.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Studielån
Auke studielånet til over 150.000 kroner i året
KrF vil gi studentar med barn minst 200.000 kroner i studielån og utbetale støtta kvar månad fram til barnet er 12 år.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Studielån
Auke studielånet til over 150.000 kroner i året
MDG vil sikre at minst 40 prosent av studielånet blir gjort om til stipend når ein står på eksamen. Dei vil gi studentar med barn studiestønad i 12 månadar.
Partiet vil også gjere det lettare å få støtte til å studere uansett alder.
Les meir om MDG -
Raudt om Studielån
Auke studielånet til over 250.000 kroner i året
Raudt har mål om fullt stipend til alle studentar. Men i første omgang går partiet inn for å doble dagens studielån til over 250.000 kroner i året. Partiet vil at 60 prosent av lånet skal gjerast om til stipend dersom ein står på eksamen.
Les meir om R