Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Alkohol
Oppretthalde Vinmonopolet og føre ein restriktiv alkoholpolitikk
Ap vil innføre reglar for alkoholbruk på jobben og styrke førebygginga i skulen. Partiet vil at Vinmonopolet skal fortsette som før, men bønder skal kunne selje alkohalholdige drikkar dei sjølve produserer frå eigen gard.
Les meir om AP -
Høgre om Alkohol
Tillate drikking på offentlege stadar og la butikkane selje alkohol til klokka 23
Høgre vil bevare Vinmonopolet og utvide opningstidene til klokka 20. Lokale produsentar skal få selje alkoholhaldig drikke til besøkande, og butikkar skal få selje sterkøl.
Partiet vil la butikkar selje alkohol fram til klokka 23 både på kvardagar og laurdager. Høgre vil vidare oppheve statlege skjenketider og la kommunane sjølve bestemme dette.
Partiet vil også fjerne forbodet mot å drikke alkohol på offentleg stad.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Alkohol
La butikktilsette under 18 år selje alkohol og la serveringsstadar bestemme opningstid
Frp vil oppheve Vinmonopolet og senke avgifter på alkohol for å unngå handelslekkasje og smugling. Partiet vil løyse opp i alkoholreglane og la serveringsstadar sjølve få bestemme når dei skal ha ope og kor lenge dei skal servere alkohol og mat.
Butikktilsette under 18 år skal få selje alkohol, så lenge det er vaksne tilsette i rommet. 18-åringar skal også få lov til å skjenke alkohol på barar og serveringsstadar.
Frp er også for at gardar og destilleri skal få selje eigenprodusert alkohol, uavhengig av alkoholstyrke.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Alkohol
Vinmonopolet bør overta taxfreesalet
Sp vil la Vinmonopolet ta over taxfree-ordninga. Partiet vil også redusere det skadelege alkoholforbruket med 10 prosent før 2025. Alkoholhaldige drikkevarer skal oppgi innhold og næringsinnhald slik som vanlege matvarer.
Det skal bli strengare reaksjonar på skjenking til mindreårige og veldig fulle personar, og utestadar kan miste skjenkeløyvet etter berre éi hending. Alkoholavhengige skal få betre behandling.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Alkohol
Ja til Vinmonopolet, nei til taxfree
SV vil bevare Vinmonopolet, avskaffe taxfree-ordninga og redusere mengda alkohol og tobakk ein kan ta med seg frå utlandet. Avgifter og skjenkereglar skal ha som hovudmål å avgrense alkoholskadar.
SV vil ha styrka kontroll med dei som sel alkohol. Partiet krev at utestadar skal ha norske løns- og arbeidsvilkår for dei tilsette, for å kunne få skjenkeløyve.
bør trekke seg ut av alkoholselskap.Oljefondet
Statens pensjonsfond utland (SPU), populært kalla Oljefondet, er ei langsiktig forvalting av oljeinntektene til Noreg. I 2019 passerte fondet ein marknadsverdi på 10.000 milliardar kroner.
-
Venstre om Alkohol
Utvide opningstida til Vinmonopolet og avvikle taxfree
Venstre vil ha salg av sterkere øl og sider i butikk og utvide Vinmonopolets åpningstid til klokken 20. Kommunene skal selv få bestemme skjenke- og salgstider.
Partiet vil avvikle taxfree-ordningen og kompensere flyplassene for tapte inntekter. Bønder skal få selge mer lokalproduserte alkoholholdige drikkevarer til besøkende.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Alkohol
Redusere skjenketida og verne om alkoholfrie soner
KrF vil avvikle taxfree-ordninga og halde på avgifter på alkohol og tobakk slik at vi skal bruke mindre.
Partiet vil ha eit ekspertutval som skal sjå på korleis ein kan kutte 10 prosent av skadeleg alkoholforbruk innan 2025. Vanleg skjenketid skal reduserast med ein time slik at ein stenger klokka 02.
KrF vil trekke
Les meir om KRF ut av selskap som produserer alkohol.Oljefondet
Statens pensjonsfond utland (SPU), populært kalla Oljefondet, er ei langsiktig forvalting av oljeinntektene til Noreg. I 2019 passerte fondet ein marknadsverdi på 10.000 milliardar kroner.
-
Miljøpartiet Dei Grøne om Alkohol
Ja til taxfree på tog, nei til å utvide skjenketidene
MDG vil avvikle taxfree-ordninga på flyplassar og heller innføre det på langdistansetog som kryssar grensene. Dei vil også at innreisekvotene skal bli mindre.
Partiet vil halde på Vinmonopolet og er negative til å utvide skjenketidene.
Les meir om MDG -
Raudt om Alkohol
På sikt avvikle taxfree
Raudt vil på sikt avvikle taxfree-ordninga. I mens skal Vinmonopolet overta drifta, for å redusere profitten til private aktørar og styrke folkehelsa.
Raudt vil ikkje tillate sal av alkohol på bensinstasjonar. Partiet vil trekke
Les meir om R ut av selskap som reklamerar for alkohol.Oljefondet
Statens pensjonsfond utland (SPU), populært kalla Oljefondet, er ei langsiktig forvalting av oljeinntektene til Noreg. I 2019 passerte fondet ein marknadsverdi på 10.000 milliardar kroner.