Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Rasisme
Lage ny handlingsplan mot rasisme
Ap vil jobbe saman med partane i arbeidslivet for å hindre rasisme og diskriminering på arbeidsplassen. Partiet vil også at flest mogleg norske ungdomsskuleelevar skal få tilbod om å besøke 22. juli-senteret og Utøya, og går inn for å fjerne statsstøtta til
.Human Rights Service
Ei norsk stifting med Hege Storhaug som informasjonsleiar. Dei har fått kritikk for å vere islamkritiske og motarbeide integrering. Fleire parti har teke til orde for å fjerne statsstøtta til HRS.
Ap vil i tillegg jobbe for å motverke spreiing av konspirasjonsteoriar – særskilt dei som er retta mot muslimar og jødar.
Les meir om AP -
Høgre om Rasisme
Følge opp handlingsplanane til regjeringa
Høgre vil gjennomføre handlingsplanen regjeringa har mot diskriminering og rasisme. Partiet er opptatt av å fjerne diskriminering i arbeidslivet og bygge ned fordomar som gjer at folk utan norske namn ikkje blir kalla inn til like mange jobbintervju.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Rasisme
Tek avstand frå å gjere skilnad på folk grunna etnisk opphav
Frp vil også jobbe mot diskriminering på religiøst grunnlag, og vil straffe religiøse samfunn som driv med diskriminering.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Rasisme
Slå hardt ned på rasisme og styrke arbeidet mot hatkriminalitet
Sp er mot hets og trakassering av alle grupper. Partiet vil også jobbe for å få slutt på diskriminering i arbeidslivet.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Rasisme
Halde på lova som forbyr rasistiske ytringar i Noreg
SV vil gi meir pengar til antirasistiske organisasjonar og stoppe statsstøtta til organisasjonar som spreier hets.
I tillegg vil dei kvotere inn minoritetar i statlege verksemder, gjere det lettare å ta bort skjenkeløyvet til utestadar som har ein diskriminerande praksis, og gjere det mogleg å få ei kvittering om du blir stoppa av politiet.
SV vil vidareføre handlingsplanane mot
Les meir om SV og islamofobi.Antisemittisme
Fiendtlege haldningar og handlingar retta mot jødar fordi dei er jødar.
-
Venstre om Rasisme
Innføre anonyme jobbsøknader i det offentlige
Venstre vil kjempe mot diskriminering og rasisme. For at ikkje namnet ditt skal ha noko å seie for om du blir kalla inn på jobbintervju, vil partiet innføre anonyme søknadar på jobbar i staten.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Rasisme
Følge opp handlingsplanane til regjeringa
KrF vil bygge vidare på handlingsplanane til regjeringa mot rasisme, muslimhat og
. Dei vurderer også strengare straffar for hatkriminalitet.Antisemittisme
Fiendtlege haldningar og handlingar retta mot jødar fordi dei er jødar.
I tillegg meiner partiet det er viktig å jobbe tett med arbeidslivet og utelivsbransjen for å motverke rasisme.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Rasisme
Endre rasismeparagrafen slik at det blir lettare å ta hatefulle ytringar til retten
MDG vil også endre marknadsføringslova slik at det ikkje er lov å spele på rasistiske stereotypiar i reklamar.
Partiet vil ha anonyme søknadar til jobbar i offentleg sektor og for store aktørar i leigemarknaden. Det skal også vere mogleg å få kvittering kvar gong du blir stoppa av politiet eller tollvesenet.
MDG vil fjerne statsstøtta til
Les meir om MDG .Human Rights Service
Ei norsk stifting med Hege Storhaug som informasjonsleiar. Dei har fått kritikk for å vere islamkritiske og motarbeide integrering. Fleire parti har teke til orde for å fjerne statsstøtta til HRS.
-
Raudt om Rasisme
Kartlegge rasisme i arbeidslivet og på bustadmarknadet
Raudt vil instruere politiet til å stoppe rasisme og hatpropaganda som blir spreidd i det offentlege rom. Det skal vere mogleg å få kvittering om du blir stoppa av politi eller tollvesen, for å avdekke moglege rasistiske mønster.
Partiet vil fjerne statsstøtta til
.Human Rights Service
Ei norsk stifting med Hege Storhaug som informasjonsleiar. Dei har fått kritikk for å vere islamkritiske og motarbeide integrering. Fleire parti har teke til orde for å fjerne statsstøtta til HRS.
Dei vil også kjempe mot
Les meir om R , islamofobi og undertrykking av minoritetar i samfunnet.Antisemittisme
Fiendtlege haldningar og handlingar retta mot jødar fordi dei er jødar.