Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Kjøt
Sikre landbruk over heile landet og auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent
Ap har ikkje noko mål om å kutte i kjøtforbruket. Dei vil sikre mjølkeproduksjon i distrikta, og det skal bli meir beite i utmark og lettare å drive mindre gardar.
Partiet vil gi dyr tilgang på veterinær over heile landet. Også fisk skal få betre velferd og kyr skal få betre plass.
Partiet vil stille strenge krav til antibiotikabruk i maten og til tydeleg merking av kor maten kjem frå.
Ap vil sette eit tak på kor mykje matjord som kan bli omgjort til anna bruk årleg.
Partiet vil ha eit sterkt importvern og lovfeste at butikkar og restaurantar ikkje skal kaste mat som kan etast.
Ap er opptatt av å redusere inntektsgapet mellom bønder og resten av samfunnet.
Les meir om AP -
Høgre om Kjøt
Stille høge krav til dyrevelferd for alle typar husdyr
Høgre har ikkje noko mål om å kutte i kjøtforbruket. Men dei vil auke straffa for grove brot på dyrevernlova og gjere dyrepolitiet landsdekkande. Jordbruket skal drivast meir effektivt og bærekraft, og tilpassa behova til marknaden. /
Noreg skal vere best på å avgrense bruken av antibiotika på husdyr og vere restriktive på bruk av sprøytemiddel på plantar.
Høgre vil lette på importvernet for enkelte varer, ha eit godt jordvern og auke norsk produksjon av grønsaker.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Kjøt
Fjerne statsstøtta til jordbruket og opne for frihandel med utlandet
Frp har ikkje noko mål om å kutte i kjøtforbruket. Samstundes vil partiet stille strenge krav til dyrevelferd. Det skal vere dyrepoliti i heile landet, og det skal bli strengare straff for vald og overgrep mot dyr.
Frp vil legge om jordbruket ved å fjerne reglar og kvoter, og på sikt avvikle statsstøtta til bønder så dei får same vilkår som andre næringar. Pris og produksjon skal bli styrt av marknaden og det skal løne seg å produsere mykje mat.
Frp ønsker tilgang til internasjonale marknadar gjennom frihandelsavtalar.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Kjøt
Styrke klimavenleg matproduksjon i heile landet
Sp vil auke produksjonenen av kjøt, meierivarer, frukt og grønt i Noreg, og merke importert mat. Norske bønder skal få meir pengar og fleire bør drive seterbruk. Mjølkebønder skal få lik inntekt uansett kor dei held til.
Sp vil opprette eit fond på 10 milliardar kroner for at bøndene skal bidra til å gjere landbruket meir miljøvenleg. Partiet vil gjere det dyrare å importere kjøt frå utlandet, og vil satse meir på norsk gras og fiskemjøl framfor import av dyrefôr.
Slakteria bør komme nærare gardane og traktorar skal bli fossilfrie. Matjord skal vernast strengare, og Sp vil hindre matsvinn.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Kjøt
Gradvis kutte kjøtproduksjon som ikkje brukar norsk gras eller er klimavenleg
SV vil forby burhøns. Dyr bør få betre plass og fisk bør få betre velferd. Den norske kua skal framleis lage melk og kjøt, men helst ete norsk gras.
Partiet vil også verne all matjord og få fleire til å dyrke korn, frukt og grønt. Jord som ikkje er så lett å dyrke, bør bli brukt til beite, og småbruk bør få meir støtte.
Ein femtedel av landbruket skal vere økologisk innan 2030. Bønder skal få betre velferd og løn.
SV vil redusere matsvinn og forby import av pelsdyrprodukt.
Les meir om SV -
Venstre om Kjøt
Kjøtforbruket må ned, og heile dyret må bli utnytta
Venstre vil forby avl som skadar dyr. Partiet vil at norske dyr skal ete meir gras og mindre importert fôr. Dei vil også ha eigenverdet til dyra inn i straffelova.
Venstre vil ha slutt på kverning som avlivningsmetode av levande hanekyllingar. Selfangst skal ikkje lenger få statleg støtte.
Venstre vil verne om matjord, og dyrke meir korn, frukt og grønt. Partiet har som mål at matsvinnet skal bli halvert innan 2030 og klimavenleg mat skal få ei nasjonal merking.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Kjøt
Styrke grasbasert husdyrhald i distrikta
KrFs partiprogram nemner ikkje kutt i kjøtforbruket, men dei vil auke matproduksjonen i Noreg, slik at vi kan bli meir sjøvforsynte på korn, frukt og grønt. Partiet meiner det er viktig med landbruk i heile landet, at småbruk også skal løne seg og at fleire skal drive økologisk.
Partiet vil verne meir matjord og erstatte jord som går tapt. Det skal leggast meir til rette for insekt og fuglar i kulturlandskapet.
KrF meiner at importvernet er viktig for å verne om norsk produksjon. KrF vil også redusere lønsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Kjøt
Halvere kjøtforbruket i Noreg og grunnlovfeste eigenverdien til dyr
MDG vil på sikt halvere norsk kjøtforbruk. Dei vil senke avgiftene på frukt og grønt, men auke avgiftene på kjøt.
Innan ti år skal 60 prosent av maten vi et vere norskprodusert, og minst 20 prosent av norsk matproduksjon skal vere økologisk. Fôr til kjøtproduksjon skal i større grad komme frå norske beitemarkar og mindre frå kraftfôr frå utlandet.
MDG vil gi meir pengar til små gardsbruk og gi dyra meir plass. Høns skal sleppe å sitte i bur og hanekyllingar skal ikkje bli kverna levende.
Partiet vil opprette eit eige Dyretilsyn, og ha dyrepoliti i alle politidistrikt. MDG vil forby kommersiell kvalfangst.
Les meir om MDG -
Raudt om Kjøt
Importere mindre kjøt, frukt og grønt, og auke norsk matproduksjon
Raudt vil sikre rettsvern for dyr, slå hardare ned på dyremishandling og redusere talet på dyreforsøk. Partiet vil forby å kverne levande hanekyllingar.
Raudt vil at halvparten av maten vi et skal produserast i Noreg innan 2025, og 60 prosent innan 2030.
Matjord skal bli verna, og areal det ikkje blir dyrka mat på, bør bli brukt til beite og fôr.
Partiet vil auke importsatsane.
Les meir om R