Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Olje
Noreg skal utvikle oljeindustrien, ikkje avvikle den
Ap vil framleis pumpe opp olje, men halvere utsleppa frå produksjonen innan 2030 og ha null utslepp som mål. Iskanten, den nordlegaste grensa for oljeverksemd, skal vere litt lenger sør enn i dag.
Les meir om AP -
Høgre om Olje
Noreg skal omstille, ikkje avvikle oljeindustrien
Høgre vil omstille, ikkje avvikle, olje- og gassnæringa, og vil fortsette å leite etter olje. Halvparten av utsleppa til næringa skal kuttast innan ti år.
Partiet meiner at lågare skattar kan føre til meir konkurranse om produksjonen. I tillegg vil partiet undersøke om Lofoten, Vesterålen og Senja kan bli opna for utvinning av olje og gass.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Olje
Noreg skal pumpe opp meir olje enn i dag
Frp vil utvikle oljeindustrien og opne for verksemd i fleire område i nord, spesielt i områda i Barentshavet som grenser mot Russland. Dei vil også undersøke om ein kan pumpe opp olje i Lofoten, Vesterålen og Senja så lenge det blir teke omsyn til strenge miljøkrav.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Olje
Oljeverksemd i Noreg må kunne foreinast med Parisavtalen
Senterpartiet vil opne for nye oljefelt så lenge det blir teke omsyn til klima og miljø. Men ikkje i Lofoten, Vesterålen og Senja, Møreblokkene eller i nærleiken av iskanten. Alle oljeplattformer skal vere utsleppsfrie innan 2040.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Olje
Noreg skal pumpe opp mindre olje
SV vil stanse all leiting etter olje. Oljeplattformer som allereie finst skal gå på straum ved hjelp av havvind. Partiet vil slutte å støtte oljeindustrien med pengar og skal gjere det det dyrare å hente opp olje, slik at meir bli liggande under bakken.
Les meir om SV -
Venstre om Olje
Norge skal slutte å leite etter meir olje
Venstre vil ikkje opne nye oljefelt. Oljeplattformene som allereie finst skal gå på straum. Venstre vil også fjerne dei gode skatteordningane for oljeselskapa, slik at dei får mindre draghjelp frå staten.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Olje
Noreg skal på sikt pumpe opp mindre olje
KrF vil ikkje leite etter olje i nye område, men er åpne for å utvide dei som allereie finst. Når det blir bygd nye oljeplattformer, skal desse gå på straum. Partiet vil også lage ein avtale med andre oljeland om å pumpe opp mindre olje.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Olje
Noreg skal ha pumpa opp si siste dråpe olje innan 15 år
MDG vil ikkje opne nye oljefelt, og dei som allereie finst skal ikkje bli utvida. Alle økonomiske fordelar som oljebransjen har skal avskaffast, og partiet vil arbeide for ein global stans av all oljeverksemd i Arktis.
Les meir om MDG -
Raudt om Olje
Noreg skal pumpe opp mindre olje
Raudt vil stanse all leiting etter olje og vil la vere å bygge ut felt som allereie er godkjende. Staten skal ta ansvar for at nedtrappinga ikkje fører til tap av arbeidsplassar.
Les meir om R