Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Foreldrepermisjon
Framleis tredeling av permisjonen
Ap vil halde på dagens fedrekvote og tredelinga av permisjonen. Mor skal få høve til å amme og rettane til far skal bli styrka. Også studentar skal kunne tene opp permisjon og ikkje miste stipend dersom partnar tek ut permisjon.
Mødre som føder før eller etter termindato skal ikkje få kutt i permisjonen.
Ap vil erstatte kontantstøtta med ei ventestøtte fram til barnet får barnehageplass.
Les meir om AP -
Høgre om Foreldrepermisjon
Vurdere endringar i tredelinga av foreldrepermisjonen
Høgre opnar for å gjere endringar i korleis permisjonen blir fordelt mellom foreldra. Dei vil ha større fleksibilitet, ved å la dei ta ut mindre enn 80 prosent permisjon i veka, og dermed forlenge permisjonstida. Fedre skal få ein sjølvstendig uttaksrett, uavhengig av kva mor gjer.
Høgre vil erstatte kontantstøtta med ei ventestøtte fram til barnet får barnehageplass.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Foreldrepermisjon
Avvikle mødre- og fedrekvota
Frp vil framleis ha løna foreldrepermisjon, men foreldre skal sjølve bestemme kor lenge kvar av dei skal vere heime med barnet. Begge foreldra skal ha sjølvstendig rett til å ta ut løna permisjon.
Frp vil stramme inn kontantstøtt og gjere den avhengig av tidlegare arbeidsinntekt.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Foreldrepermisjon
Auke permisjonen til mor på kostnad av av felles permisjonstid
Sp vil justere på dagens tredeling av foreldrepermisjonen slik at mor får dei seks første vekene like etter fødsel. Dette blir teke frå den felles permisjonsdelen, som blir kutta ned til ti veker.
Partiet vil ta meir omsyn til dei som ikkje har høve til å ta ut permisjonen samanhengande, som studentar og sjølvstendig næringsdrivande. Når det kjem fleirlingar, skal foreldra få meir permisjon.
Sp at også far skal få oppfølgning av helsestasjonen. Begge foreldre skal ha sjølvstendig rett til å ta ut løna permisjon.
Sp vil vidareføre kontantstøtta for barn mellom eitt og to år.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Foreldrepermisjon
Gi to veker ekstra permisjon til far eller medmor ved fødsel
SV vil gi foreldre høve til å ta ut permisjon med 90 prosent løn i tillegg til dagens ordning med 100 eller 80 prosent. Partiet vil gi far eller medmor to veker ekstra løna permisjon ved fødsel.
Kvinner som føder etter termindato skal få utvida permisjonen tilsvarande. Ved fleirlingfødsel skal foreldre få åtte ekstra permisjonsveker. Fedre skal ha sjølvstendig uttaksrett.
SV vil erstatte kontantstøtta med ei ventestøtte for barn som ikkje har barnehageplass.
Les meir om SV -
Venstre om Foreldrepermisjon
Vidareføre dagens foreldrepermisjon
Venstre er partiet som fekk foreldrepermisjonen delt i tre delar, til mor, far og ein felles del. Partiet vil halde på ordninga, men la partnar få rett til å tene opp permisjonstid uavhengig av mor.
Venstre vil erstatte kontantstøtta med ei fleksibel ventestøtte.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Foreldrepermisjon
Kutte i fedrekvota og utvide total permisjonstid til 53 veker
KrF vil fjerne tredelinga av foreldrepermisjonen og kutte frå 15 til 10 veker til kvar av foreldra. Dersom den eine ikkje kan ta permisjon, skal den andre kunne søke om å få fleire veker. Partiet vil utvide den totale permisjonen frå 49 til 53 veker.
KrF vil la foreldre ta ut kontantstøtta i 80 prosent fram til barnet er to år.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Foreldrepermisjon
Utvide permisjonen med fire veker
MDG vil utvide den totale foreldrepermisjonen med fire veker som foreldrene kan fordele som dei vil. Elles skal mødre- og fedrekvotene vere som i dag, men det skal vere mogleg å få unntak.
Far eller medmor skal få løn i dei to vekene med omsorgspermisjon ved fødselen.
MDG vil gi foreldre meir fleksibilitet til å velje ulik dekningsgrad på permisjonen, ikkje berre 80 eller 100 prosent som i dag.
Partiet vil vidareføre kontantstøtta for barn under to år.
Les meir om MDG -
Raudt om Foreldrepermisjon
Utvide permisjonen til eitt år med full løn
Raudt vil forlenge den felles permisjonstida med full løn frå 16 til 19 veker. I tillegg skal far eller medmor få fire veker løna omsorgspermisjon ved fødsel. Ved fleirlingefødsel skal begge foreldra få ta ut permisjon og foreldrepengar samstundes.
Raudt vil at far skal få sin permisjonskvote uavhengig av om mor har opptent rett til si kvote.
Raudt vil erstatte kontantstøtta med ei ventestøtte i påvente av barnehageplass.
Les meir om R