Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Bompengar
Vurdere å erstatte bompengar med vegprising
Ap vil vurdere ei ordning der bilistane betalar ei avgift basert på kor mange kilometer ein køyrer. Prisen kan variere ut frå når og kor bilen blir brukt og kva slags bil det er.
Les meir om AP -
Høgre om Bompengar
Byte ut bompengar med vegprising
Høgre vil byte ut bompengar med vegprising. Det er ei ordning der bilistane betalar ut frå kor langt dei køyrer. Prisen kan variere ut frå når og kor bilen blir brukt og kva slags bil det er. Partiet vil også la private køyreskular lage og skrive ut førarkort og opnar for høgare fartsgrense viss kvaliteten på vegen tillèt det.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Bompengar
Fjerne alle bomstasjonar
Frp vil fjerne alle bomstasjonar og la staten betale ned gjelda til bompengeselskapa. Partiet seier nei til køprising og andre grep som gjer at bilistane må betale meir. Frp vil ha billegare drivstoff, senke aldersgrensa for førerkort til 17 år og auke fartsgrensa på motorvegane til 130 km/t.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Bompengar
Kutte i bompengane
Sp meiner at vi betalar for mykje i bompengar, og vil sjå på om ein kan bygge vegane enklare og billegare. Samtidig vil partiet at fylka skal kunne sette igang vegprosjekt som blir dekka av bompengar utan at staten må godkjenne det.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Bompengar
Bompengar skal bidra til mindre bilbruk i byane
SV vil bruke bompengar aktivt for å nå målet om 40 prosent mindre privatbilisme i byar og tettstadar. I distrikta vil dei derimot at vegane skal betalast av det offentlege, og at bompengar berre kan brukast viss det er støtte lokalt.
Partiet går også inn for å stoppe utbygginga av store motorvegar og skalere ned planlagde firefelts motorvegar til to- eller trefelts.
Les meir om SV -
Venstre om Bompengar
Byte ut bompengar med vegprising
Venstre vil byte ut bompengar med satelittbasert vegprising. Det er ei ordning der bilistane betalar for tal på kilometer dei køyrer. Prisen kan variere ut frå når og kor bilen blir brukt og kva slags bil det er.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Bompengar
Byte ut bompengar med vegprising
KrF vil byte ut bompengar med vegprising. Det er ei ordning der bilistane betalar ut fra kor mange kilometer ein køyrer. Prisen kan variere ut frå når og kor bilen blir brukt og kva slags bil det er. Partiet støttar også avgifter som minskar bilbruk i store byar.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Bompengar
Auke bompengane i byane og vurdere vegprising
MDG vil auke bompengane betydeleg i storbyar, og vurderer å innføre vegprising for å få ned biltrafikken. Dette er ei ordning der bilistane betaler ut frå kor mange kilometer dei køyrer. Prisen kan variere ut frå når og kor bilen blir brukt og kva slags bil det er. Partiet vil også ha dyrare drivstoff, lågare fartsgrenser i tettbygde strøk og løne bruk av bildelering.
Les meir om MDG -
Raudt om Bompengar
Droppe bompengar og la staten betale for vegar
Raudt vil at staten skal betale for vegbygging, ikke med bompengar. Om det likevel blir med bompengar, vil partiet at prisen skal variere ut frå kor mykje du tener og kor du bur. Raudt vil også at drivstoff skal vere billegare i distrikta enn i store byar og at fartsgrensene ikkje skal vere over 90 km/t.
Les meir om R