Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Skatt
Dei som tener eller eig mest må betale meir skatt
Ap vil ha eit skattesystem som gjer samfunnet meir klimavenleg og gir arbeid og velferd til fleire. Partiet vil senke skattane for dei med heilt vanlege og låge inntekter. Dei rikaste skal betale meir
.Formueskatt
Skatt på nettoformuar over 1,5 millionar kroner (2021). Skattesatsen er på 0,15 prosent til staten og 0,70 prosent til kommunane.
Ap er opptatt av å følge handlingsregelen, som avgrenser kor mykje oljepengar som skal brukast i statsbudsjettet.
Les meir om AP -
Høgre om Skatt
Kutte i formueskatten og gi skattelette til unge som har jobb
Høgre vil fjerne
på eigarskap av bedrifter og for fleire arbeidstakarar og pensjonistar. Partiet er negative til arveavgift.Formueskatt
Skatt på nettoformuar over 1,5 millionar kroner (2021). Skattesatsen er på 0,15 prosent til staten og 0,70 prosent til kommunane.
Høgre vil at alle skal betale litt mindre skatt. Dei seier nei til nasjonal
, men vil sørge for at kommunane får ein felles metode for å kreve det inn.Eigedomsskatt
I enkelte kommunar må innbyggarar skatte av eigedomen sin. Skatten skal ligge mellom 1 og 4 promille av takstverdien på privatbustadar.
Partiet vil gi skattefrådrag til unge under 30 år som har jobb. Høgre vil gjere det enklare for store selskap å «flagge heim» til Noreg.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Skatt
Kutte i skattar og avgifter og fjerne eigendomsskatten heilt
Frp vil kutte i avgifter på bil, og avvikle både
ogFormueskatt
Skatt på nettoformuar over 1,5 millionar kroner (2021). Skattesatsen er på 0,15 prosent til staten og 0,70 prosent til kommunane.
. Partiet er mot det de kaller symbolske klimaavgifter som rammar dei som tener minst.Eigedomsskatt
I enkelte kommunar må innbyggarar skatte av eigedomen sin. Skatten skal ligge mellom 1 og 4 promille av takstverdien på privatbustadar.
Frp vil gjere det billegare å importere varer og å handle på den norske siden av grensa.
Partiet vil kjempe mot å innføre arveavgift og flypassasjeravgift igjen. Dei vil gi høgare skattefrådrag for gåver til frivillige og humanitære organisasjonar.
Frp vil også sikre internasjonalt konkurransedyktig skatt for bedriftene.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Skatt
Lågare skatt for folk og bedrifter i distrikta
Sp er negative til nasjonal
, men vil halde påEigedomsskatt
I enkelte kommunar må innbyggarar skatte av eigedomen sin. Skatten skal ligge mellom 1 og 4 promille av takstverdien på privatbustadar.
. Skatten skal bli lågare for dei som tener eller eig minst og høgare for dei som tener eller eig mest.Formueskatt
Skatt på nettoformuar over 1,5 millionar kroner (2021). Skattesatsen er på 0,15 prosent til staten og 0,70 prosent til kommunane.
Partiet vil gi frådrag om du gir pengar til lokale lag og foreiningar, eller om du sparar i Gårdssparing for ungdom (GSU).
Sp vil at bedrifter i distrikta skal skatte eitt prosentpoeng mindre enn i dei største byane. Det bør vere låge avgifter på reiseliv, transport og kultur.
Partiet vil jobbe for at internasjonale selskap skal skatte meir for verdiskapinga si i Noreg.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Skatt
Auke skatten på høg inntekt, formue, arv, utbyte og eigedom
SV vil auke skattane for å redusere skilnadar, kutte utslepp og gi jobb til fleire. Dei som tener mest skal skatte meir, dei som tener minst skal skatte mindre.
Kommunane skal sjølve få sette grensa for
Les meir om SV . SV vil også sikre at selskap ikkje puttar pengane sine i skatteparadis utanlands. Dei vil på ny innføre opne skattelister og lage register over alle selskapa.Eigedomsskatt
I enkelte kommunar må innbyggarar skatte av eigedomen sin. Skatten skal ligge mellom 1 og 4 promille av takstverdien på privatbustadar.
-
Venstre om Skatt
Auke avgifter på utslepp og forureining, men kutte like mykje i skatten for dei fleste
Venstre vil bruke skattesystemet til å løne miljøvenlege val. Dei vil også ta inn meir skatt fra dei som tener eller eig aller mest. Eit nytt klimafrådrag skal gjere det meir lønsamt å jobbe.
Venstre vil tidoble skattefrådraget på gåver til frivillige organisasjonar for private, mens næringslivet får hundre gongar så mykje i frådrag som i dag.
Kommunane skal framleis kunne ta inn
Les meir om V . Venstre vil også skattlegge internasjonale teknologiselskap.Eigedomsskatt
I enkelte kommunar må innbyggarar skatte av eigedomen sin. Skatten skal ligge mellom 1 og 4 promille av takstverdien på privatbustadar.
-
Kristeleg Folkeparti om Skatt
Rike må skatte meir, elles skal dagens skattenivå fortsette
KrF vil at kommunane skal kunne kreve inn mer
, opp til 7 promille.Eigedomsskatt
I enkelte kommunar må innbyggarar skatte av eigedomen sin. Skatten skal ligge mellom 1 og 4 promille av takstverdien på privatbustadar.
på aksjar og næringseigedom som traktorar og produksjonsutstyr skal ned.Formueskatt
Skatt på nettoformuar over 1,5 millionar kroner (2021). Skattesatsen er på 0,15 prosent til staten og 0,70 prosent til kommunane.
Partiet vil innføre skatt på digitale, multinasjonale selskap og kjempe mot at selskap dreg til skatteparadis.
KrF vil også auke skattefrådraget for gåver til frivillige organisasjonar og trussamfunn.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Skatt
Gjere det dyrare å forureine og billegare med gjenbruk
MDG vil på ny innføre arveavgift og auke
for dei rikaste, men kutte formueskatten for dei med låg eller gjennomsnittleg formue. Partiet vil fjerne den øvre grensa for kor mykje kommunane kan ta inn iFormueskatt
Skatt på nettoformuar over 1,5 millionar kroner (2021). Skattesatsen er på 0,15 prosent til staten og 0,70 prosent til kommunane.
.Eigedomsskatt
I enkelte kommunar må innbyggarar skatte av eigedomen sin. Skatten skal ligge mellom 1 og 4 promille av takstverdien på privatbustadar.
MDG vil innføre avgifter som straffar dei som skadar natur og miljø, men løner gjenbruk og miljøvenlege løysingar.
Det skal bli dyrare å fly og kjøpe kjøt og fossile bilar. Men det skal bli billegare å kjøpe frukt, grønt, økologisk mat, kulturtilbod og elbilar, å vedlikehalde og reparere varer, og å gå på restaurant.
Les meir om MDG -
Raudt om Skatt
Auke skatten for dei som tener over 600.000 kroner
Raudt vil auke skatten på inntekt, formue, eigedom og selskap for å omfordele frå dei rike til dei fattige. Jo meir du tenar eller eig, jo meir skal du betale i skatt. Ein eigen dynastiskatt skal hindre at nokon arvar store pengesummar.
Raudt vil kutte i avgifter på frukt, grønt, reparasjonar og leigeordningar.
Raudt vil også skattlegge internettgigantar som Google og Facebook. Ingen skal ha høve til å gøyme formuar i skatteparadis.
Les meir om R