Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Abort
Fjerne abortnemndene og tillate sjølvbestemt abort ut veke 18
Ap vil utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18, og dermed avvikle abortnemndene mellom 12. og 18. svangerskapsveke.
Partiet vil gi dei som søker seinabort oppfølging og rettleiing. Alle gravide skal få tilbod om tidleg ultralyd før veke 12.
Partiet vil reversere innstramminga gjorde på fosterreduksjon.
Les meir om AP -
Høgre om Abort
Dagens abortlov skal ligge fast
Høgre vil ikkje utvide grensa for sjølvbestemt abort, men jobbe for å få ned talet på uønska svangerskap og abortar.
Jordmødrer i kommunane skal få meir ansvar for å følge opp gravide.
Høgre vil la kvinner kunne ta NIPT-blodtest i privat regi, med det offentlege skal betale for testen når gravide har krav på det.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Abort
Tek ikkje stilling til abortgrensa
Frp fristiller sine politikarar når det gjeld kor grensa for sjølvbestemt abort skal gå.
Frp vil sikre at gravide får tilgang på nye metodar for
, som NIPT-blodtest, tidleg ultralyd og gentesting av befrukta egg.Fosterdiagnostikk
Undersøkingar i løpet av svangerskapet som viser om eit foster har eller kan utvikle alvorleg sjukdom eller misdanningar. Det er tre hovudtyper undersøkingar: Fostervannsprøve, morkakeprøve og ultralydundersøking.
Partiet vil også gjere Noreg leiande på stamcelleforsking.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Abort
Halde på dagens grense for sjølvbestemt abort
Sp vil ikkje utvide grensa for sjølvbestemt abort. Samtidig vil dei ta ein gjennomgang av korleis abortnemndene jobbar, kva rolle dei har og kva dei skal heite.
Partiet er restriktive på genteknologi og forskning på befrukta egg, fostervev og aborterte foster. Dei er mot surrogati og at du sjølv skal kunne genteste barna dine.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Abort
Fjerne abortnemndene og tillate sjølvbestemt abort fram til fosteret er levedyktig
SV vil avskaffe abortnemndene, og sikre at kvinner sjølve har siste ord i spørsmål om å gjennomføre abort. Partiet vil halde på dagens yttergrense for lovleg abort, som gjeld fram til fosteret er levedyktig.
Dei vil lovfeste retten kvinner har til betre og valfri rådgiving og hjelp. Partiet vil reversere innstramminga regjeringa gjorde på fosterreduksjon.
SV er for tidleg ultralyd og svangerskapstesting.
Elles er SV mot surrogati. Partiet støttar høvet for å få eggdonasjon
Les meir om SV -
Venstre om Abort
Avvikle abortnemndene og tillate sjølvbestemt abort ut veke 18
Venstre vil avvikle abortnemndene og gi kvinner god rådgjeving og oppfølging. Abort bør bli anerkjent som ein global menneskerett.
Partiet vil gå gjennom kriteria for
Les meir om V for å avdekke alvorleg sjukdom og utviklingsavvik. Dei vil også la det bli enklare å genteste befrukta egg og lagre eggstokkvev, egg og sæd.Fosterdiagnostikk
Undersøkingar i løpet av svangerskapet som viser om eit foster har eller kan utvikle alvorleg sjukdom eller misdanningar. Det er tre hovudtyper undersøkingar: Fostervannsprøve, morkakeprøve og ultralydundersøking.
-
Kristeleg Folkeparti om Abort
Stramme inn på retten til sjølvbestemt abort og i staden legge vekt på retten fosteret har til liv
KrF vil ha ei ny og strengare abortlov som bygger på retten fosteret har til liv, men samtidig ivareta tryggleik og helse for kvinna.
Partiet meiner at alle må bli sikra nøytral rettleiing og økonomisk tryggleik etter fødsel.
KrF vil også fjerne paragraf 2c i abortlova om seinabort på grunn av eigenskapar ved fosteret.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Abort
Erstatte abortnemnder med rådgjeving og tillate sjølvbestemt abort ut veke 18
MDG vil erstatte abortnemndene med eit rådgjevande og støttande organ for dei som ønsker abort.
Alle gravide skal få tidleg ultralyd med tilleggsundersøkingar i første trimester.
Partiet vil reversere innstramminga regjeringa gjorde på fosterreduksjon.
Les meir om MDG -
Raudt om Abort
Fjerne abortnemndene og tillate sjølvbestemt abort ut veke 22
Raudt vil fjerne abortnemndene. Gravide som søker abort skal ha krav på rettleiing.
Ingen helsepersonell skal kunne reservere seg mot å utføre abort.
Raudt vil innføre tidleg ultralyd for alle, men seier nei til surrogati og kommersiell eggdonasjon. Partiet vil reversere innstramminga regjeringa gjorde på fosterreduksjon.
Svangerskaps- og barselsomsorgen skal bli styrkt.
Les meir om R