Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Jobb
Ha ein aktiv stat som bidreg til fleire arbeidsplassar
Ap har arbeid til alle som si viktigaste sak. For å få til dette vil partiet at staten skal bidra med pengar for å skape arbeidsplassar. Staten skal også bruke makta si til å stille krav om faste tilsettingar, lærlingplassar og ryddige lønsvilkår.
Ap vil kutte ned på rapportering i offentleg sektor og gi tilsette meir tillit og tid til å gjere jobben sin. I tillegg vil partiet på mellombelse tilsettingar.
Les meir om AP -
Høgre om Jobb
Meir fleksible stillingar og arbeidstider
Høgre vil ha faste heiltidsjobber som hovudregel, men også legge til rette for at stilling og arbeidstid kan bli meir tilpassa. For å få fleire i jobb vil dei la ungdommar utan skulegang få prøve seg i bedrifter på lærlingløn.
Unge som møter opp på Nav skal bli ein del av såkalla «snu i døra»-program som skal få dei tilbake på skulebenken eller i jobb.
Partiet har som mål at fem prosent av nytilsette i staten skal vere personar med «hol i CV-en» eller nedsett funksjonsevne.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Jobb
La bedriftene bestemme meir over arbeidstid og turnus
Frp meiner faste heiltidsjobbar skal vera hovudregelen, men at mellombels tilsettingar er viktig for å gi arbeid til personar utan erfaring. Arbeidstid og turnus skal bestemmast lokalt i bedriftene, ikkje sentralt.
Frp vil ha ei nasjonal minsteløn og også sikre retten til å vera uorganisert.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Jobb
Verne den norske arbeidsmarknaden mot høg arbeidsinnvandring
Sp vil ha færre mellombelse stillingar og at alle som ønsker det, skal få jobbe heiltid. Dei vil også ha høgare løn i yrke der det jobbar mange kvinner.
Partiet er imot ei nasjonal minsteløn, men vil ha minsteløn i bransjer der ein tener mindre enn 80 prosent av det industriarbeidarar gjer.
Sp vil avgrense arbeidsinnvandring dersom norske jobbar blir trua av
Les meir om SP .EØS-avtalen
Ein avtale mellom EU og Island, Liechtenstein og Noreg som gjer at dei tre landa får tilgang til den indre marknaden til EU. EØS står for det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.
-
Sosialistisk Venstreparti om Jobb
Jobbe litt mindre kvar dag og ha sekstimarsdag som mål
SV er opptatt av faste heiltidsjobbar, vil ha slutt på mellombelse tilsettingar og vil avvikle vikarbyrå. Partiet vil ha høgare lnn i kvinnedominerte yrke som ofte har dårleg lønnsnivå.
Den maksimale arbeidstida i lovverket bør senkast frå ni til åtte timar. På sikt er sekstimarsdagen målet.
Les meir om SV -
Venstre om Jobb
Jobbe meir fleksibelt og flytte fleire arbeidsplassar ut av Oslo
Venstre vil satse på faste stillingar, men vil også at det skal vere mogleg å jobbe meir fleksibelt. Derfor vil dei la folk som ønsker det, jobbe meir i periodar, for deretter å ha meir fri.
Partiet vil stramme inn på mellombelse tilsette i staten og endre på arbeidsmiljølova slik at den er meir tilpassa ei tid med meir heimekontor og mindre tydeleg skilje mellom jobb og fritid.
I tillegg vil partiet lage ein plan for å flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Jobb
Kreve at bedrifter betalar lik løn for likt arbeid innan tre år
KrF vil kreve at bedrifter betalar lik løn for likt arbeid innan 2024 og vil innføre anonyme jobbsøknader i staten for å unngå diskriminering.
Partiet har som mål at fem prosent av nytilsette i staten skal vere personar med «hol i CV-en» eller nedsett funksjonsevne.
KrF vil at skulebarn skal lære seg å starte bedrifter og bli gründarar.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Jobb
Prøve ut sekstimarsdag for offentlege tilsette med små barn
MDG vil redusere arbeidstida, men det er opp til den enkelte arbeidsplass korleis ein gjer det. Dessutan vil dei prøve ut sekstimarsdag for offentlege tilsette med små barn.
Partiet vil stille krav til selskap i den nye delingsøkonomien, som Uber og Airbnb, slik at deira tilsette skal ha dei same rettane som andre arbeidstakarar.
I tillegg vil partiet innføre ei ekstra friveke for foreldre med barn under 13 år.
Les meir om MDG -
Raudt om Jobb
Forby vikarbyrå
Raudt er opptatt av at det skal vere arbeid til alle. Dei vil ha fleire utan yrkeserfaring inn i arbeid og sikre at dei som jobbar i den nye delingsøkonomien, som Uber og Airbnb, skal få same rettar som andre arbeidarar.
Partiet vil også gi alle arbeidsinnvandrarar vanleg norsk løn, og forby vikarbyrå. I tillegg vil dei starte innføringa av sekstimarsdagen frå neste år.
Les meir om R