Hopp til innhold

Ytterlegare tre grisebesetningar er MRSA-smitta

– Ingen av desse var overraskande, og alle er påført restriksjonar, seier Mattilsynet.

Gris

Totalt fire svinebesetningar har testa positivt for LA-MRSA-bakteriar.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Mattilsynet stadfestar at ytterlegare tre svinebesetningar har testa positivt for LA-MRSA-bakteriar. Dette er konklusjonen på prøvesvara som Mattilsynet har fått fredag.

Dette betyr at totalt fire besetningar er stadfesta smitta.

LA-MRSA er ein bakterietype som kan føre med seg multiresistens mot fleire typar antibiotika.

Det var 18. februar at Mattilsynet stadfesta at ein grisebesetning i Nord-Trøndelag hadde testa positivt for MRSA. To dagar seinare vart det kjent at ytterlegare tre besetningar var mistenkt smitta.

I etterkant av desse funna tok Mattilsynet prøvar av 30 kontaktbesetningar, svinegardar som hadde levert eller fått gris frå den smitta svinebesetningen.

Av desse er sju alt sjekka ut av lista, då det her ikkje vart påvist MRSA-bakteriar.

Bjørn Røthe Knudsen

Bjørn Røthe Knudtsen i Mattilsynet.

Foto: NRK

– Av dei resterande er fire besetningar no bekrefta. Ingen av desse var overraskande, og alle er påført restriksjonar, fortel seier regiondirektør i Mattilsynet region Midt, Bjørn Røthe Knudtsen til NRK.

Den eine besetninga er er alt i gang med slakting.

– Vi meiner at dette er ei positiv utvikling så langt, seier Røthe.

Enno står det att å analysere prøvar frå 19 besetningar. Mattilsynet ventar svar på desse i løpet av neste veke.

Uvisst opphav

– Vi veit ikkje kvar dette opphavleg kom ifrå. Det er førebels umogleg å seie, men vi håpar å kunne seie meir om dette når vi har dei neste prøvesvara, seier Røthe.

Mattilsynet meiner det er svært liten risiko for at menneske skal bli smitta av å ete kjøt frå smitta grisar.

Bakteriane finst hovudsakleg på overflata av kjøtet, og blir dermed drepne av varmebehandling.

Stor belastning

– Dette er ei stor belastning for svineprodusentane som blir råka. For det første mister dei alle dyra sine, og det dukkar opp mange tankar, seier Wenche Helseth i Norsvin.

Ho fortel at Norsvin er opptatt av å støtte opp om Folkehelseinstituttet og Mattilsynet sitt arbeid for å unngå LA-MRSA.

– Vi ønsker å gjere alt vi kan for å unngå dette.

Helseth er opptatt av at personar som arbeider med grisar får testa seg for MRSA-bakteriar, og at svinenæringa gjer alt dei kan for å gjennomføre smittebeskyttande tiltak, som til dømes å bruke hanskar og munnbind.

NRK skreiv først at det var ytterlegare fire besetningar som var smitta, men det riktige er at det er totalt fire besetningar.