Hopp til innhold

Heldt folkerøysting på gata

Kommunane i Ytre Namdal bør slå seg saman – og få med seg nordlandskommunen Bindal på laget. Det viser ei svært uformell folkerøysting i Nærøy.

Arnt M. Wendelbo

Med heimelaga stemmeurne tok rådmann Arnt M. Wendelbo turen ut på Kolvereiddagene for å finne ut kva innbyggjarane meiner om kommunesamanslåing.

Foto: Nærøy kommune

Folket fekk seie meininga si om framtidig kommunestruktur under Kolvereiddagene, som vart arrangert i helga.

Rådmann Arnt M. Wendelbo hadde med seg stemmeurner ut i gata, og på laurdag var «stemmelokalet» opent mellom klokka 10 og 14.

Vil slå seg saman med Bindal

Kommunane i Noreg står framfor ein stor kommunereform, og regjeringa vil ha større og meir robuste kommunar.

Kommunane er bedne om å gjere seg opp ei meining i kva retning dei vil gå, og i Nærøy valde dei altså å bruke ein nokså uhøgtideleg metode for å lodde stemninga.

174 personar røysta. Ei stemme vart forkasta fordi det var for vanskeleg å tolke kva som sto.

58 prosent ønsker seg ein stor kommune i Ytre Namdal, med Nærøy, Vikna, Leka – og nordlandskommunen Bindal!

– Vi har mykje samarbeid med bindalingane allereie, og om desse fire slår seg saman, blir det rundt 11.500 innbyggjarar. Det er ein fin kommunestorleik, seier Wendelbo.

Han meiner det er naturleg å rekne med Bindal sjølv om kommunen ligg i eit anna fylke.

– Det har vore snakk om å slå saman kommunar på tvers av grensa mellom Nord- og Sør-Trøndelag, og da må vi òg sjå nordover, seier han.

– Seier ikkje «ja» med ein gong

Petter Arnfinn Bjørli

Ordførar i Bindal, Petter Arnfinn Bjørnli.

Foto: Høyre

– Det var jo hyggeleg å høyre at namdalingane ønsker seg samarbeid med oss, seier ordføraren i Bindal, Petter Arnfinn Bjørnli (H).

Han tør ikkje love at dei svarer ja til «frieriet».

– Vi er i eit interkommunalt samarbeid med andre kommunar i Nordland, og må sjå på det med kommunestruktur. Vi soknar naturleg sørover, så det er ikkje ein framand tanke at vi kanskje ender opp i lag med Namdalen. Men det er mykje som må utredast først, seier Bjørnli.

20 prosent av dei som røysta under Kolvereiddagene ville at Nærøy skulle halde fram som eigen kommune, mens 16 prosent like godt ville slå saman heile Namdalen. Seks prosent ville slå saman Nærøy, Vikna og Leka, men la Bindal få vere i fred.

Sjølv om dette var eit stunt, merka rådmannen godt at innbyggjarane i Nærøy har sterke meiningar om temaet.

– Håpet er at denne uformelle røystinga vil vere med på å vekke engasjement og interesse for prosessen i tida som kjem, seier rådmann Wendelbo.