Sverige og Danmark er bare nokon av dei som skal ut i elden, og i kveld kan du stemme! Her er alt du treng av informasjon om den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2010.
I kveld kan du vera med og sende nokon av desse til laurdagens finale.
Desse er vidare til finalen frå første semifinale.
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix
Norge kan stemme i kveld
Norge, med Didrik Solli-Tangen ved roret, er direktekvalifisert til finalen den 29. mai sidan vi er vertsland for konkurransen. Det er dei "fire store" og (Spania, Storbritania, Frankrike og Tyskland).
Desse fem landa får stemme i ein semifinale, og Norge får altså stemme i dag.
Informasjon om korleis du stemmer kjem på skjermen under sendinga.
Har du ikkje sjans til å sjå sendinga på TV? Fortvil ikkje, du kan sjå den i Nett-TV. Sendinga er tilgjengeleg både for sjåarar i Norge og i utlandet..
Den andre semifinalen startar klokka 21:00 på NRK1 og sendast frå Telenor Arena i Bærum.
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX
Vi held seg oppdatert om alt som skjer på arenaen under sendinga. Du kan følje livet backstage, gjennom fotodagboka og følje med på våre dirketesendte videoar i playeren til høgre.