Hopp til innhold

Eksplosjon på ambassadar i Aten

Minst fem brevbomber adressert til ambassadar har eksplodert i den greske hovudstaden Aten tysdag. Det er så langt ikkje rapportert om personskadar.

Eksplosjon ved den sveitsiske ambassaden i Aten

Brevbomben eksploderte utenfor den sveitsiske ambassaden i Aten.

Foto: Thanassis Stavrakis / Ap

Ei bombe eksploderte først på den sveitsiske ambassaden.

– Ei lita bombe eksploderte på den sveitsiske ambassaden. Me har ikkje motteke trugsmål i forkant av eksplosjonen, seier ein anonym politimann til nyheitsbyrået Reuters.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP blei bomba kasta mot ambassaden av ein forbipasserande.

Gresk politi har også detonert liknande bombar som vart oppdaga på ambassadane til Bulgaria, Russland og Tyskland.

Video Bombe ved den bulgarske ambassaden i Athen

VIDEO: Bombe ved den bulgarske ambassaden i Athen.

Ei bombe som var adressert til den chilenske ambassaden blei detonert utanfor parlamentet i Aten, etter at ein tilsett i eit bodfirma tok kontakt med politiet.

Ambassadøren til Chile seier at pakka var adressert til henne, skriv nyheitsbyrået Reuters.

– Har teke våre forholdsreglar

Sverre Stub

Noregs ambassadør Sverre Stub.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Me har teke våre forholdsreglar og skjerpa tiltaka for å hindra at me skal få slike sendingar i posten vår, seier ambassadør Sverre Stub ved den norske ambassaden i Aten til NRK.

Stub vil ikkje gå nærmare inn på kva slags rådgjerder som er tekne, og vil heller ikkje spekulera i motivet for bombene. Noregs ambassade har heller ikkje fått førevarsel.

Han oppmodar nordmenn i Aten til å vera årvakne og til å følgja med på nyheitene.

– Det er veldig spesielt, og sjølvsagt er det urovekkjande. Me kjenner oss trygge på den norske ambassaden. Me har gått gjennom alle beredskapsplanane, og mint oss sjølve på kva me skal gjera dersom det kjem telefontrugslar, seier Stub.

Seks bomber på to dagar

Måndag vart fleire personar pågripne etter at gresk politi fann tre andre brevbomber som var adresserte til den nederlandske og den belgiske ambassaden, og til den franske presidenten Nicolas Sarkozy.

Éi av bombene eksploderte i hendene til ein kvinneleg tilsett i lokala til eit fraktselskap. Pakken var adressert til den meksikanske ambassaden.

Ifølgje den engelskspråkelege, greske avisa Kathimerini skal bombene ha vore laga av krutt og batteri. Kvinna fekk mindre skadar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt