Hopp til innhold

- Flaumen utset partikongress

Den nordkoreanske partikongressen er utsett på grunn av kraftig uver og flaum, seier ein sørkoreansk hjelpeoroganisasjon og offisielle nordkoreanske kjelder.

Nord-Koreas leiar Kim Jong-il under eit fabrikkbesøk i Jagang-provinsen.

Dette biletet av Kim Jong-il på eit bedriftsbesøk vart sendt ut 13. september

Foto: KNS / Afp

Måndag melde ein sørkoreanske fjernsynsstasjon at partikongressen var avlyst på grunn av helsetilstanden til president Kim Jong-il.

LES OGSÅ: Utsetter konferanse i Nord-Korea

Kim Jong-un er favoritt til å ta over etter faren Kim Jong-il

Kim Jong-un er den yngste sonen til Kim Jong-il.

Foto: YONHAP / Afp

No er det herjingane til tyfonen «Kompasu» som får skulda for utsetjinga. Den sørkoreanske hjelpeorganisasjonen «Gode Vener» seier i dag at utsetjinga skuldast at mange delegatar er hindra frå å reise på grunn av flaum og øydeleggingar.

Før 10. oktober

Dei har fått vite at partikongressen, som er venta å velje etterfølgjaren til Kim Jong-il, truleg vil starte ein gong før 10. oktober.

Dette blir støtta opp av kjelder det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap har snakka med

Som vanleg i det lukka landet har ikkje dei offisielle mediakanalane meldt noko som helst om årsaka til utsetjinga. Men det offisielle nyheitsbyrået har meldt at fleire titals menneske omkom då tyfonen «Kompasu» slo inn over Nord-Korea 2. september.

Vidare heiter det at 8380 private heimar og 230 offentlege bygningar vart øydelagde. Stormen gjorde også stor skade på landbruksjord, vegar, jernbane og kraftforsyninga.

Sist månad vart eit område nær grensa til Kina ramma av kraftig flaum, som gjorde stor skade på infrastrukturen.

LES OGSÅ: Klar til å ta makten i Nord-Korea

Redd for reaksjonar

Offisielle kjelder som «Gode Vener» har snakka med har fortalt at styresmaktene var redde for korleis folk ville reagere, dersom partikongressen hadde gått som planlagt samstundes som mange menneske var i naud på grunn av flaumen og tyfonen.

Flaum og tyfon har gjort stor skade i Nord-Korea

Flaum og tyfon har ført til enorme skadar på infrastrukturen i Nord-Korea.

Foto: Ap

Den nordkoreanske kommunistparti sin partikongress, som av fleire observatørar blir kalla den viktigaste på fleire årtier, skulle etter planen har starta før 15. september.

Samstundes har den sørkoreanske regjeringa vedteke å sende naudhjelp til ein verdi av rundt sju millionar kroner til nabolandet. Dette blir tolka som at forholdet mellom dei to nabostatane, som formelt framleis er i krig, har blitt betre den siste tida.

Det var eit innlegg på Internettsida til eitt av universiteta i Pyongang som gjorde at spekulasjonane om at Kim Jong-Ils etterfølgjar skulle veljast på denne partikongressen, skaut fart.

Her står det blant anna:

«Berre når etterfølgjaren til leiaren er vald på ein skikkeleg måte, kan leiaren sine idear og revolusjonære bragder bli tekne vare på og utvikla vidare»

LES OGSÅ: Åpner for familiegjenforening

Hindre politisk uro

Det heiter vidare at etterfølgjaren må den naudsynte autoriteten for å hindre at det blir politisk uro i landet. Det heile er forma som eit spørsmål og svar-innlegg.

- Dette er truleg eit forsøk på å sende ut signal om det som skal skje, for å sjå korleis unge menneske vil reagere på at det blir ein ny overføring av makt frå far til son, seier Yang Moo-Jin ved Universitetet for Nord-Korea-studiar i Seoul til Yonhap.

Den yngste sonen til Kim Jong-il, Kim Jong-un, er venta å bli utpeikt som etterfølgjar som statssjef i kommunistlandet. Kim Jong-il tok sjølv over etter sin far, sjølve grunnleggjaren av den nordkoreanske staten, Kim il Sung.

Rismarkene fleire stader er skadde av vassmengdene.

Tyfon og flaum har ført til store skadar på risavlingane i Nord-Korea

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste meldinger